Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Oppfølgingstenesta

Oppfølgingstenesta arbeider med og for ungdom som har rett til vidaregåande opplæring til og med det året dei fyller 21 år.

Oppfølgingstenesta arbeider med og for ungdom som har rett til vidaregåande opplæring til og med det året dei fyller 21 år.

Oppfølgingstenesta skal kontakte deg viss du

  • ikkje har søkt vidaregåande opplæring
  • ikkje har teke imot tildelt elev- eller læreplass
  • har avbrote opplæringa før ho er ferdig
  • ikkje er i arbeid
  • har tapt opplæringsretten som følgje av vedtak om bortvising for resten av skoleåret eller heving av lærekontrakta

Oppfølgingstenesta skal hjelpe til med å formidle tilbod om opplæring, arbeid eller anna sysselsetjing.

Opplæringa skal så langt som råd er, føre fram til formell kompetanse.

Oppfølgingstenesta samarbeider med fylkeskommunale, kommunale og statlege instansar som òg har ansvar for ungdom.

Du kan sjølvsagt ta kontakt med oppfølgingstenesta på eiga hand. Næraste vidaregåande skole eller inntakskontoret kan gje deg adresse og telefonnummer til oppfølgingstenesta i ditt område.

Sist oppdatert 17.06.2015
Fant du det du lette etter?
Login for redigering