Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Diverse informasjon

Orden på undervisningssrom og i gangar / fellesareal

Alle elevar skal medverke til at det er god orden i undervisningsromma og i gangar.Elevar og tilsette skal ikkje ta med seg mat og drikke inn i undervisningsrom. Orden og rydding i kantine - sjå kantine.

Arbeidsklede verkstad

Alle som nyttar verkstader som undervisningsrom skal byte klede før dei forlet verkstaden.

Sikring av dine eigne saker

Det er viktig at du ikkje let leige-pc, bøker og personlege saker liggje ute, i gangen, i tomme arbeidsrom eller i skåp som ikkje er låst. Skulen tek ikkje noko ansvar for erstatning i slike tilfelle. Lås alltid elevskåpet ditt.

Utanom skuletid

Musikkelevar kan låne øvingsrom og instrument på kveldstid. Aktivitet på kveldstid skal vere skulerelatert. Hybelbuarar kan låne vaskemaskin,  for å kome inn utanom skuletid må ein ha nøkkelbrikke som kan hentast ut på kontoret. Alle som leiger brikke må betale kr 100,- i depositum.

Elevar som skal nytta klasserom til skulearbeid utanom skuletid må kontakte resepsjonen og fylle ut leigekontrakt.

Elevskåp (Endring!)

Alle elevar får tilbod om å nytte skåp der leige-PC og skulebøker kan oppbevarast. Vg1- og Vg2-elevar må sjølve skaffe seg lås og kan ta i bruk ledige skåp utan å si i frå i resepsjonen. Lås kan kjøpast i resepsjonen for kr 50,- . Vg3-elevar som har leigd nøkkel av skulen fortset å bruke skåpet som dei har, og må levere inn att 2 nøklar m/brikke for å få att depositum.

Returskjema

Skulen tek frå skuleåret 2017/2018 i bruk eit nytt returskjema. På dette skjemaet skal elevane stadfeste at dei har lese og godteke skulens

  • Ordensreglement
  • IKT-reglement
  • Utlånsreglement

På skjemaet skal elevane også krysse av for om dei samtykkjer i publisering av bilder, video og elevprodukter. Skjemaet blir delt ut til kontaktlærarar ved skulestart.

Har du spørsmål?
Attgløymde saker Kontor / Vaktmeister / Reinhald
Bokutlån Biblioteket
Data / IKT / Leige-pc IKT-avdelinga
Elevskåp Kontoret
Kopiering Biblioteket
Privatisteksamen Kontoret
Skulebevis Kontoret
Skuelskyss Kontoret
Vitnemål / Kompetansebevis Kontoret
Sist oppdatert 11.07.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering