Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Melding om fråvær

Alle elevar har plikt til å møte presis til alle timar og vere til stades heile timen.

Fråvær heile dagen

Viss det er umogleg å møte på grunn av sjukdom eller annan tvingande grunn, må elev eller føresett melde ifrå til skulen på telefon 61 29 23 00.

Manglande melding om fråvær kan føre til nedsett karakter i orden.

Elevane skal ikkje kommunisere fråver  ved å sende SMS eller e-post til kontakt- eller faglærar.

Timefråvær

Eleven skal melde ifrå dersom ho/han er borte ein time eller meir i løpet av dagen, eller må gå ifrå ein time. Eleven sjølv melder ifrå til faglærar, kontaktlærar eller kontoret. 

Melding om fråvær må meldast vidare til kontaktlærar, som for kvar elev kontrollerer fråver mot det som er meldt. 

Ikkje meldt fråvær fører da til ordensmerknad, men ikkje meir enn ein merknad pr. dag.

Sist oppdatert 11.05.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering