Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Ordensreglement

Ordensreglementet skal bidra til godt samarbeid, trivsel og respekt for kvarandre.

Felles ordensreglement for vidaregåande skuler i Oppland er ei forskrift fastsett med heimel i opplæringslova § 3-7 og § 3-8. Ordensreglementet gjeld frå og med skuleåret 2009/2010 etter vedtak i Fylkestinget 16. juni 2009, endra 29. juni 2011 i FR-sak 798/11, 30. juni 2014, FR-sak 743/14 og 2. juli 2015, FR-sak 698/15.

Kap. 1 Formål og verkeområde

1.1 Formål

Formålet med ordensreglementet er å bidra til eit godt samarbeid, trivsel, respekt for kvarandre og medansvar. Reglementet skal fremme god orden og gode arbeidsvanar slik at læringsmiljøet blir best mogleg. Reglementet er retningsgivande for vurdering av karakterane i orden og åtferd.

Reglementet er også eit viktig pedagogisk hjelpemiddel i arbeidet med å realisere skulen sine og Oppland fylkeskommune sine heilskaplege mål slik dei er nedfelt i opplæringslova og læreplanar.

1.2 Verkeområde

Ordensreglementet gjeld alle vidaregåande skular i Oppland. Ordensreglementet er ei utdjuping av rettar og plikter som er fastsett i lov eller på annen måte (sjå opplæringslova og forskrift til opplæringslova). Reglementet gjeld for all verksemd i skulens regi, uavhengig av stad og tid.

Kap. 2 Elevane sine rettar og plikter

2.1 Elevane sine rettar

Elevane har rett til:

  • Vidaregåande opplæring i samsvar med opplæringslova med forskrifter, gjeldande læreplanar og fylkeskommunale vedtak.
  • Ein trygg skulekvardag som er prega av eit godt opplæringsmiljø med oppfølging og rettleiing undervegs (kap. 9a fri for fysisk vold, mobbing).
  • Å bli behandla med respekt og omtanke.
  • Å få dokumentert merknader og få innsyn i desse. Det skal leggjast til rette for elevmedverknad i utarbeiding av reglar for merknader.
  • Elevmedverknad i læringsarbeidet.
  • Å delta i elevdemokratiske aktivitetar.

2.2 Elevane sine plikter

2.2.1 Orden

  • Eleven pliktar å møte til avtalt tid. Eleven skal snarast mogleg melde frå til skulen dersom ho/han er forhindra av sjukdom eller andre grunnar.
  • Eleven skal utføre pålagt skulearbeid til avtalt tid.
  • Alle elevar har ansvar for å halde det reint og ryddig på skulen, i nærområdet og på stader der opplæringsaktivitet går føre seg.
  • Eleven pliktar å skaffe seg, og ha med til undervisning, det materiell og utstyr som undervisninga krev.
  • Eleven pliktar å behandle skulen sine lokale, bøker og utstyr på ein forsvarleg måte.
  • Eleven pliktar å bruke påbode verneutstyr og elles overhalde gjeldande reglar for helse, miljø og sikkerheit (HMS).
  • Eleven skal gi beskjed til kontoret på skulen dersom lærer ikkje kjem til undervisningsøkta.

2.2.2 Åtferd

  • Elevane skal opptre omsynsfullt og høfleg.
  • Elevane skal halde arbeidsro i timane og vise respekt for andre både i undervisningssituasjonar og i pausar.
  • Grov språkbruk, hærverk, tjuveri og krenkjande åtferd (mobbing, diskriminering, rasistiske utsegn, seksuell trakassering, vold o.l.), fysisk, verbalt eller digitalt, blir ikkje akseptert.
  • Det er forbode for el