Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

2HEA på studietur

Studietur til Riisby behandlingssenter og opplandsmeisterskap i Helsearbeidarfaget stod på programmet da 2HEA reiste til Dokka.

16.mars var klasse 2 HEA (helsearbeidarfag)  på tur til Dokka. Formålet med turen var å delta i Opplandsmeisterskapet i Helsearbeidarfaget og å få orientering og omvisning på Riisby behandlingssenter for rusmisbrukarar.

Klassa vart godt motteke og fekk god orientering om historia til Riisby, kva pasientgrupper som er til behandling og korleis behandlinga går føre seg. Riisby hadde fullt belegg og det er ventetid på fleire månader på plass. Besøket var ledd i eit større prosjekt som klassa arbeider med og elevane hadde stort utbytte av gode orienteringar av leiarane på Riisby. Til slutt fekk vi god lunsj saman med leiinga på Riisby.

Etter besøket på Riisby deltok tre av elevane i Opplandsmeisterskapet som vart arrangert på Dokka vgs. Det var lag frå fire skular. Elevane hadde førebudd seg godt på temaet om nervesystemet og gjorde ein god innsats.

Ein fin og lærerik dag for våre elevar!

Gerd og Kirsti

Les meir om Riisby behandlingssenter

Sist oppdatert 05.04.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering