Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Aksjonsdag for Sierra Leone

Per Bråtet Elevane ved skulen jobba inn heile 101400 kr på aksjonsdagen for Sierra Leone!  

Elevar ved Vinstra vgs har inngått samarbeid med elevar fra Gausdal og Lillehammer vidaregående skular. Lillehammer og Gausdal har etablert ein ungdomsskule i Sierra Leone, der også vi er med og bidreg.

Simen Berge og Andrine Resvoll frå Sierra Leone - komiteen.  - Klikk for stort bildeSimen Berge og Andrine Resvoll frå Sierra Leone - komiteen. Per Bråtet Lillehammer Secondary School i Lower Ribbi fylke i Sierra Leone opna i 2006 med plass til 130 elevar og 10 lærarar.  I 2008 ble enda ein skulebygning bygd og tredje skulebygg ble opna i januar 2011. Skulen er finansiert med midlar som elevane fra Lillehammerskulane har samla inn. Årleg drift av skulen ligg på ca. kr. 350.000 og dekkjer drift, lærarløn og mat fem gonger i veka.

 

 

 

.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På aksjonsdagen den 8. november så vart det jobba og samla inn heile 101400 kr. Dette beløpet dekkjer bortimot 1/3 av den totale årlege driftskostnaden ved skulen!

Dette er et prosjekt som er veldig konkret og som samstundes utviklar internasjonale forståing og solidaritet. Befolkninga i Ribbi er svært takknemmelege for denne støtta.

Sist oppdatert 23.11.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering