Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Besøk av utvekslingselevar

Eli Krokmoen Veka før påske hadde skulen besøk av fire utvekslingselevar frå Eckernförde i Nord-Tyskland .

Elevane Jenna Tiedemann, Luca Hoffmann, Benedikt Gottuk og Mathis Mewes. budde hos sine norske utvekslingspartnarar: Tea Karoline Aasmundstad, Inge van Aert, Simen Onsum Berg og Betina Nylund. 

Dei opplevde vanleg norsk skuledag tysdag og torsdag + MOTkonsert. Onsdag reiste alle åtte saman med tysklærar Rosemarie Pagel og spansklærar Eli Krokmoen til Lillehammer. Undervegs besøkte dei Energisenteret i Hunderfossen og Maihaugen, der det var mykje interessant å sjå både inne og ute. Elevane frå Tyskland hadde ikkje vore i Norge før så  alle var lydhøyre og interesserte.

Eli Krokmoen

 

 

 

 

 

 

Fredag dro alle, med dei same lærarane, til Gålå. Skiståing- og gåing var ei ny oppleving for våre tyske vener,  så alpinutstyr vart leigd for å prøve forsiktig i Blåbærfjellbakken. Læringskurva var bratt, men dei norske var flinke instruktørar og dei tyske lærte fort, så det vart ein vellukka dag. Grillpølse, lompe, appelsin, solo og kvikklunch høyrde sjølvsagt til på ein norsk vinterdag.

 

Eli Krokmoen

 

 

 

 

 

 

 

Det har vore god stemning blant alle åtte som og har møttest på fritida hos kvarandre og på andre aktivitetar etter skuletid. At ungdom frå ulike land møtast er viktig, det er denne veka eit godt døme på! Dei norske elevane skal reise til Eckernförde i veke 17.

 

Eli Krokmoen

Sist oppdatert 21.03.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering