Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Ei triveleg førjulsstund

Torsdag inviterte 1 Per Bråtet MD barn frå Vestsida kulturbarnehage til ei felles førjulsstund.

Elevane viste ei dramatisering av Alf Prøysens juleeventyr , «Den vesle bygda som gløymde at det var jul» Barna koste seg med lussekatter som elevane hadde bakt. Dei fekk også høyre «Nordnorsk julesalme», framført av Mina Letrud (song) og Kjartan Haugen (gitar). Både elevane i 1MD og barna frå kulturbarnehagen hadde førebudde seg på Luciasangen,og etter ei felles øving framførte dei songen i foajeen for andre elevar og tilsette. Per Bråtet

Sist oppdatert 11.12.2015
Fant du det du lette etter?
Login for redigering