Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Ein annleis personaltur

Per Bråtet Ein av planleggingsdagane vart brukt til å reise 60 meter inn i isen og 6000 år attende i tid.

I hjarte av Jotunheimen, ved foten av Galdhøpiggen, ligg Klimaparken Mimisbrunnr 2469. Klimaparken er eit utandørs opplevingsområde 1850 meter over havet. Hit tok vi turen for å få vite meir om klima, geografi, historie og biologi.

Brekalving

Undervegs i parken fekk vi nyttig og god guiding og informasjon av dyktige guidar som kunne fortelja oss om permafrost, polygonmark,  lav, plantar og forskjellige stein- og bergartar.Klimaparken inkluderer også tur langs ein tilrettelagt sti bort til eit utsiktspunkt med utsikt mot Kjellbreen. Her var nokre av oss så heldige  å få oppleve eit par mindre brekalvingar.

Per Bråtet

Per Bråtet

Istunnelen i Juvfonne

Vandringa i Klimaparken vart avslutta i den vakre  istunnelen i Juvfonne. Tunnelen er hogd  60 meter inn i og 6 meter under isen med gangar og rom og eit auditorium. Gangane er lyssett og utsmykkka med fleire arkeologiske funn, blant anna pilspissar. I auditoriumet  viste guid Dag Inge Bakke oss film og fortalte oss om prosessen med byggjing / hogging av tunnelen. Bakke er ein av initiativtakarane til tunnelen og heile Klimaparken som stod ferdig i 2012.

 Meir om Klimaparken

Per Bråtet

Per Bråtet Klimalaben

På veg heimatt tok vi turen innom Klimalaben ved Nord-Gudbrandsdal vgs avd Otta. Klimalaben er eit 160 kvadratmeter stort passivhus som er tilknytta fire energikilder. Laben er ein læringsarena og eit ekskursjonsmål innanfor tema klima, energi  og miljø og er den einaste av sitt slag i heile Noreg. Her fekk vi god og nyttig informasjon og  guiding av prosjektleiar for laben, Inger Oddrun Sverkmo.

Per Bråtet

Alt i alt ein artig, nyttig og brei tverrfagleg ekskursjon, der vi var innom både geografi, historie, naturfag, biologi og matematikk.

Meir om Klimalaben

Sist oppdatert 23.08.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering