Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Eit vellykka fire-årig utdanningsløp

Per Bråtet Karianne Iversen frå Ringebu har etter eit fire-årig vellykka utdanningsløp nå hatt fagprøve i Barne- og ungdomsarbeidarfaget. Karianne fekk karakteren bestått mykje godt!

Vg1 og Vg 2 

Karianne starta si vidaregåande opplæring på helse- og oppvekstfag på Vinstra vidaregåande skule. Etter å ha sett seg inn i kva ulike yrke innafor helse og oppvekstområdet går ut på, valgte Karianne Vg2 barne-og ungdomsarbeidarfag på same skule. 

Lærling

Etter Vg1 og Vg2 har Karianne hatt læreplass på Vinstra vidaregåande skule i samarbeid med Fåvang barnehage. Som tilsett og lærling på Vinstra vgs måtte ho raskt leggje elevrolla bak seg og gå inn ny rolle, ei utfordring ettersom ho hadde vore elev på same plass i tre år. Dyktige instruktørar rettleia Karianne og ho la fort elevrolla bak seg.

Heile vegen har ho vore bevisst på at det er mye å lære, mye å skrive og mye å reflektere over i læretida. Å lære seg å vurdere eige arbeid er noko ho synest er svært viktig.Gjennom heile læretida har Karianne hatt dyktige instruktørar som har gitt god rettleiing, sørga for progresjon og stadige utfordringar i læreløpet.

Matematikk står på timeplanen. - Klikk for stort bildeMatematikk står på timeplanen. Per Bråtet

3 månader på Malta

For å få størst mogleg utbytte av læretida, valgte Karianne å bruke tre månader i utlandet. Ved hjelp av Internasjonalt Servicekontor i Oppland fylkeskommune fekk ho arbeidsplass i ein barnehage på Malta. Ifølge Karianne lærte ho i denne perioda mykje både om andre kulturar, språk og ikkje minst reflekterer ho meire over korleis vi løyser ting her i landet.

Topp karakter

Gjennom heile læretida har Karianne hatt dyktige instruktørar som har gitt god rettleiing, sørga for progresjon og stadige utfordringar i læreløpet.Ho har nå hatt fagprøve og fekk karakteren bestått mykje godt - framifrå kompetanse i faget!

Framtida

Om det er arbeidslivet eller meire utdanning som ventar, er ikkje Karianne heilt sikker på. Uansett så har Karianne nå ei solid plattform å stå på.

Vi gratulerer Karianne med fagbrevet og ønsker henne lykke til!

Sist oppdatert 18.09.2015
Fant du det du lette etter?
Login for redigering