Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Ekskursjon til Klimalaben

Yngve Resset Elevar frå Vg1 Elektrofag nytta høve til å kombinere både programfag og fellesfag då dei saman med lærarar reiste på ekskursjon til Otta.

Relevanse i samband med kompetansemåla innenfor naturfag var det viktigaste målet for dagen ved besøket på Klima- og energilaboratoriet ved Nord-Gudbrandsdal vgs, men elevar og lærarar nytta også høve til å få med seg litt ektsra læring innanfor automatiseringsprosessar ved Otta Sag og Høvleri

Yngve Resset

Omvisning

Dagen starta med at prosjektleiar for Klimalaben, Inger Oddrun Svorkmo, viste oss rundt , både ute og inne. Klimalaben er ein læringsarena for klima, energi, natur og miljø som vart opna i januar i 2015.

På Klimalaben er ord og bilete i lærebøker bytta ut med levande liv og plantar som er dyrka i vindaugskarmen. Forstørra nokre hundre gonger i mikroskop som kan overførast til storskjerm kan ein her tydeleg sjå klorofylkorn på undersida av eit blad. Eller ein kan arbeide med små veksthus for kontrollert plantedyrking . Å måle avgassar frå kjøretøy er også mogleg, noko som gjer at klimalaben kan nyttast til andre fag enn naturfag. Moglegheit for datainnsamling av vær - og klimadata gjer at ein kan skjøne mykje om klima og kva som påverkar dette.

Målområder for læring

Tema som stod på programmet på Klimalaben, og som er målområder for læring var blant anna:

  • Kva er fornybar og ikkje fornybar energi
  • Bærekraftige bygg
  • Byggje vindmøller etter oppskrift
  • Byggje teknologisk installasjon som nyttar seg av fornybar energi

Yngve Resset

Yngve Resset

 

 

 

 

Energi-lego

Elevane fekk  prøve seg på energi-lego. Energi-lego er eit virkemiddel som kan bidra til betre forståing  av uttrykk og funksjonar i fysikk og matematikk. Her fekk dei byggje vindmøller etter oppskrift og byggje teknologisk installasjon som nyttar fornybar energi.

Oppdagelsesreise i Klimalabens data

Elevane fekk også ei "reise" igjennom  Klimalabens data. Her kan ein observere  målinger og data for ulike energiløysingar og miljøfaktorar som speler inn for kvar einkelt type løysing. Kor bærekraftige er dei?

Yngve Resset

Bærekraftig utvikling i praksis

Nokså snart kan det bli aktuelt for elevane å skaffe seg eigen bolig, eit val som er den dyraste investeringa mange gjer i livet.  Eit tema under besøket var nettopp dette. Kva slags valmoglegheiter finst i bærekraftig retning, og kva slags val tek elevane?

Automatisering.

Automatisering eller automasjon er ein fagleg prosess med formål om å få eit system eller ei maskin til å fungere automatisk slik at det kan styre seg sjølv utan menneskeleg medvirkning. Automatisering er eit programfag for Vg1 -elevar på Elektrofag.

På Otta sag - og høvleri fekk elevane sjå korleis dette fungerar i praksis på maskinene som der blir brukt til høvling og impregnering av materialar.

 

Alt i alt ein lærerik dag med godt, tverrfagleg utbyte!

Yngve Resset  

Publisert av Per Bråtet. Sist oppdatert 31.05.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering