Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Elevar deltok på beredskapsøving

Kristin Veskje/GD Elevar frå helsefaglina på Vinstra vidaregåande skule deltok tysdag 29. november som markørar under ei øving i Teigkamptunnelen på ny E6 mellom Vinstra og Kvam. 

Scenarioet var ei ulykke mellom ein personbil og ein skulebuss med elevar frå vidaregåande. Elevane vart frakta til bygdahuset i Kvam, der kriseteamet i kommunen var. 

Brannvesen, politi og ambulanse kom til staden og fekk øvd seg på blant anna evakuering, kommunikasjon og pasienthandtering, samt å handtere ei ulykke i ein tunnel.

Sist oppdatert 29.11.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering