Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Elevar på Rullatorfestival

 Elev Mina Myhrhagen Åsly og lærar Liv Marit Brendstuen koste seg i sola under Rullatorfestivalen. - Klikk for stort bildeElev Mina Myhrhagen Åsly og lærar Liv Marit Brendstuen koste seg i sola under Rullatorfestivalen. Inger Lise Widme Onsdag 6. juni var elevar frå Helse- og oppvekstfag med på Rullatorfestival på Sundheim.

Alle elevane og lærarane hadde t-skjorter med "Livsglede" på - Klikk for stort bildeAlle elevane og lærarane hadde t-skjorter med "Livsglede" på Marianne Bøe Jervell

Rullatorfestival

Rullatorfestivalen er eit arrangement for dei eldre i kommunen. På programmet sto blant anna tale av ordførar Rune Støstad, ei kort og ei lang løype som bebuarane skulle gjennomføre, musikk av Guren Hagen og grillfest. Rullatorfestivalen arrangerast mange stader i landet og på Vinstra er dette eit samarbeid mellom eldrerådet, pensjonistlaget, Sundheim venner, Frivilligsentralen, Kvamstunet og Sundheim. 

Livsglede for eldre

Elevane som deltok er frå Vg1 Helse- og oppvekstfag og Vg2 Helsearbeidarfag. Dei samarbeider med stiftelsen "Livsglede for eldre", som er ein folkehelseorganisasjon som arbeidar for at alle eldre skal ha ein god og meiningsfull kvardag. Under arrangementet hjelpte elevane bebuarane ved Sundheim med å kome seg ut av romma og følgde dei rundt på arrangementet. Alle elevane hadde kvar sin bebuar som dei gjekk løypa saman med.Stian Einlien er tidlegare elev ved skulen og arbeidar no på Sundheim. Her står han saman med lærar Tine Elisabeth Slang.  - Klikk for stort bildeStian Einlien er tidlegare elev ved skulen og arbeidar no på Sundheim. Her står han saman med lærar Tine Elisabeth Slang. Inger Lise Widme

Personalet hadde ordna god grillmat og barn frå Vestsida Kulturbarnehage sto med drikkestasjon på slutten av løypa. Været var strålande og både unge og eldre hadde ein flott dag på Sundheim.

Viktig læringsarena

Eldreomsorga er ein viktig læringsarena for elevane ved skulen, der fokuset er på dei gode møta mellom ungdom og eldre i trivselsskapande tiltak og aktivitetar. Elevane lærar å kommunisere med eldre og tilsette i eldreomsorga, å sette andre behov i sentrum og gje av seg sjølv. Dette er og viktig for rekrutteringa til eldreomsorga i framtida. 

Sist oppdatert 07.06.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering