Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Elevtenesteapp

Illustrasjon Vinstra vidaregåande skule lanserer no ein gratis applikasjon, ein elevtenesteapp.

Vi veit at det for mange elevar kan vere ein terskel å oppsøke elevtenesta, eller rådgjevaravdelinga, når ein går på vidaregåande skule. Kanskje treng ein å oppsøke helserådgjevar for å prate om det som kan plage ein fysisk eller psykisk i kvardagen, eller å oppsøke karriererådgjevarane for å få gode råd om fagval. I desse samanhengane kan det vere fint å ta fram telefonen og finne appen og sende ei melding til elevtenesta. Kanskje vil eleven berre ha eit kort svar på eit enkelt spørsmål, eller kanskje kan det vere enklare å vete at ein får ei timeavtale for å sette seg roleg ned å prate med rådgjevarane.

Elevrådet ved skulen er veldig positive til at skulen går nye vegar og tek i bruk ungdommen sitt eige medium, smarttelefonen, for å "opne fleire dører". Skulen ønsker å gje elevane ei god hjelp og rettleiing i kvardagen.

Vi håpar at appen kan vere eit verktøy som vil hjelpe fleire elevar til å få ein enklare kvardag.

Sist oppdatert 26.10.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering