Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Elevundersøkinga 2019

 

Udir Her kan du lese det du må vite om elevundersøkinga, som skal gjennomførast no før jul. 

Formålet med elevundersøkinga

Elevundersøkinga gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen for å analysere og utvikle skule- og læringsmiljøet til elevane. Data frå undersøkinga kan også bli brukte til forsking, og forskarar kan få utlevert rådata frå undersøkinga. Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på Utdanningsdirektoratets netteneste Skoleporten (skoleporten.udir.no). 

Korleis blir undersøkinga gjennomført?

Elevundersøkinga kan gjennomførast både vår og haust. Om hausten er det obligatorisk for kommunane/fylkeskommunane/skolane å gjennomføre Elevundersøkinga. Gjennomføring av undersøkinga om våren er eit frivillig tilbod til dei skolane som ønskjer det.

Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga, og eleven kan velje å hoppe over spørsmål dersom eleven opplever nokre av dei som ubehagelege, eller det er nokre spørsmål eleven ikkje vil svare på.

Informasjonsskriv

Informasjon til foreldre og føresette om undersøkinga. 

Til elevar: les dette før du svarar.

Pålogging - elevundersøkinga

Har du spørsmål?

For meir informasjon, kontakt skulen. Du finn og mykje informasjon på www.udir.no/undersokelser.

Sist oppdatert 02.12.2019
Fant du det du lette etter?
Login for redigering