Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Franskelevar på tur

 Franskelevar frå Vinstra vgs utanfor Nationaltheatret - Klikk for stort bildeFranskelevar frå Vinstra vgs utanfor Nationaltheatret Guri Skurdal Tofte Torsdag 19. september var franskelevar frå Vinstra vidaregåande skule og fransklærar Guri Skurdal Tofte i Oslo på studietur og teaterbesøk.

Franskelevane på Vinstra saman med Postdoctoral Fellow Kristin Vold Lexander under mottakelsen på MultiLing ved Universitetet i Oslo.  - Klikk for stort bildeFranskelevane på Vinstra saman med Postdoctoral Fellow Kristin Vold Lexander under mottakelsen på MultiLing ved Universitetet i Oslo. Guri Skurdal Tofte Socio-lingvisten Hanna S. Andresen (Center for Multilingualism in Society across the lifespan) tester ut eye-tracker på franskelev Martine Myrsveen. - Klikk for stort bildeSocio-lingvisten Hanna S. Andresen (Center for Multilingualism in Society across the lifespan) tester ut eye-tracker på franskelev Martine Myrsveen. Guri Skurdal Tofte

MultiLing

Elevane besøkte fyrst MultiLing - Center for Multilingualism in Society across the Lifespan, der dei vart fortald om senterets sosio-kognitive lab og "eye-tracker" av Hanna S. Andresen. Elevane fekk teste "eye-tracker", som brukast til språkforsking og tek opptak av personar med ein blikksporar. Så fekk elevane høyre om Kristin Vold Lexander si forsking på senegalesiske familiar i Oslo og deira bruk av sosiale media. Kathrine Asla Østby frå avdeling for litteratur, områdestudier og europeiske språk ved UiO foreleser til dagleg franskstudentane ved UiO. Ho snakka om kvifor det er viktig å kunne fransk i verda i dag.

Peer Gynt på fransk

Så gjekk turen til Nationaltheatret og Peer Gynt på fransk. Oppsettinga var ein del av Ibsenfestivalen 2018 og gjekk på Hovedscenen to kveldar på rad. Den franske regissøren David Bobée med teatergruppa si frå Rouen i Normandie viste ei spenstig tolking av Peer Gynt-karakteren! 

Franskelevar frå Vinstra vgs utanfor Nationaltheatret - Klikk for stort bildeFranskelevar frå Vinstra vgs utanfor Nationaltheatret Guri Skurdal Tofte Takk

Ein stor takk til Vinstra vidaregåande skule, Peer Gynt teaterlag, Nord-Fron kommune, Ringebu Lions Club, Nord-Fron Lions Club og Sparebank1 Gudbrandsdal som har bidratt til at franskelevane ved skulen har fått ei stor oppleving. 

Sist oppdatert 28.09.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering