Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Fylkesmeisterskap i yrkesfag

Elevane øver til fylkesmesterskapet - Klikk for stort bildeElevane øver til fylkesmesterskapet Tine Slang Tysdag 7. mars var det Fylkesmeisterskap i yrkesfag. To av elevane våre deltok og fekk 3. plass i Helsearbeidarfaget.

På pallen - Klikk for stort bildePå pallen Tine Slang

Fylkesmeisterskapet er ei tevling der elevar konkurrerer i oppgåver relatert til yrket sitt. Laga består av to personar og i tevlinga får elevane ei praktisk oppgåve som skal planleggast, gjennomførast og evaluerast. 

Elevane konkurrerte i Helsearbeidarfaget, Barne- og ungdomsarbeidarfaget, Logistikkfaget og Bilfaget. Vinnarane i kvart fag kvalifiserte seg til Norgesmeisterskapet. Aida Rudihagen og Mina Engum er letta over å vera ferdig med konkurransen - Klikk for stort bildeAida Rudihagen og Mina Engum er letta over å vera ferdig med konkurransen Tine Slang

To av elevane frå Vinstra vidaregåande skule, Aida Rudihagen og Mina Engum, fekk 3. plass i Helsearbeiderfag. I tevlinga fekk dei ein skriftleg rapport om pasienten som dei skulle behandle. Der sto det skrive ned tre oppgåver som skulle utførast. Oppgåvene planla elevane mens dei sat med mikrofon og publikum høyrde på.

I denne tevlinga var arbeidsoppgåvene hoste- og pusteteknikk, måle temperatur og servere frukost. Elevane fekk 10 minutt på å planlegge, og 20 minutt på å utføre oppgåvene. Dommarar vurderte utifrå det praktiske arbeidet med pasienten, og spørsmål som elevane måtte svara på etterpå. 

Elevane i aksjon på scena - Klikk for stort bildeElevane i aksjon på scena Tine Slang

Sist oppdatert 14.03.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering