Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Fylkesordføraren opna nybygget

Fylkesordførar Even Hagen opna nybygget.  - Klikk for stort bildeFylkesordførar Even Hagen opna nybygget. Per Bråtet Bånd og saks var bytt ut med kjetting og tang da fylkesordførar Even Aleksander Hagen nyopna Vinstra vidaregåande skule.  

Publisert av Per Bråtet. Sist oppdatert 09.02.2017

Fylkesordfører Even Aleksander Hagen klipper kjetting med tang under nyopninga av Vinstra vidaregåande skule. - Klikk for stort bildeFylkesordfører Even Aleksander Hagen klipper kjetting med tang under nyopninga av Vinstra vidaregåande skule. Per Bråtet Inviterte gjestar, elevar og tilsette var samla i den nye verkstaden til TIP-avdelinga da rektor Ingvild Rønn Sætre ynskte velkommen til opning av nybygget ved Vinstra vidaregåande skule fredag 23. september. Ingvild sa at ho var glad for at byggeprosjektet endeleg var ferdig og at skulen nå er samla under eitt tak.

Ordførar Rune Støstad, regionrådsleiar Ole Tvete Muriteigen og byggeleiar Per Ove Røe overrekte gratulasjonar, gode ord, gåver og blomar.

Ordførar Rune Støstad overekkjer blomar.  - Klikk for stort bildeOrdførar Rune Støstad overekkjer blomar. Per Bråtet Regionrådsleiar Ole Tvete Muriteigen overrekkjer gåve.  - Klikk for stort bildeRegionrådsleiar Ole Tvete Muriteigen overrekkjer gåve. Per Bråtet

Ungdomen skal forme framtida

Fylkesordførar Even Aleksander Hagen  - Klikk for stort bildeFylkesordførar Even Aleksander Hagen Fylkesordførar Even Aleksander Hagen hadde i si tale fokus på kor viktig utdanninga er og at den inneheld både praktisk og teoretisk læring.

- Dagens ungdom skal forme framtida med nye arbeidsplassar, og fleire av arbeidsplassane veit vi enda ikkje kva og kor er, sa Hagen, før han med god hjelp av ordførarkolleger og rektor klipte kjettingen.

 

Kulturelle innslag

Musikklærar Tom Willy Rustad - Klikk for stort bildeMusikklærar Tom Willy Rustad Per Bråtet Det var fleire kulturelle innslag undervegs i programmet, produsert, komponert og framført av elevar og tilsette ved skulen. Vi fekk servert både song, musikk, dikt og dans.

Matematikklærar Steinar Moen tok oss med på ei lyrisk reise der han skildra byggeprosessen og såg på skulen i eit historisk perspektiv fram til nyopninga, akkompagnert på fløyte av musikklærar Tom Willy Rustad, for anledninga ikledd kjeledress, hjelm og vernebrillar.

Musikklærar Vidar Johansen framførte eigenkomponert opningsfanfare, musikkelev Mina Letrud framførte matematikkdikt skrivi av Steinar Moen og folkedansar Jon Bugge Mariussen dansa solo. I tillegg fekk vi fleire danse- og musikknummer av elevar frå musikk- og danselina. 

Som finalenummer fekk vi vakker korsong og dans med innslag av alternative instrumenter i form av drill,  hammer, sag og bekken. Alle studieretningar var representerte i denne framføringa, som var komponert og produsert av avdelingsleiar Vegard Moshagen.

Kulturelt innslag under nyopninga av Vinstra vidaregåande skule. - Klikk for stort bildeKulturelt innslag under nyopninga av Vinstra vidaregåande skule. Per Bråtet Etter opninga fekk alle gjestar, tilsette og elevar servert marsipankake. Skulen held open dag for alle og alle som ville fekk omvisning som elevrådsstyret tok seg av.

Fakta om byggeprosjektet

Byggeprosjektet omfattar eit nybygg med kantine, bibliotek og TIP-verkstad. I nybygget er det også fleire nye klasserom, grupperom, møterom, kontor og arbeidsrom for lærarar. Prosjektet omfattar også rehabilitering av den gamle "Bibliotekblokka", som elektroavdelinga har teke i bruk, samt ny bygghall.

Totalt utgjer nybygget eit areal på 2500 kvm og rehabilitering eit areal på 1200 kvm. Kostnadsramma er på 120 millionar kroner.

Totalentreprenør for prosjektet, som hadde byggestart i februar 2015, har vore Arbeidsfellesskapet Lågen/Fron. Per Bråtet Per Bråtet

 

Fant du det du lette etter?
Login for redigering