Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

God morgon, dette blir ein bra dag!

Tillit var ein av hovudingrediensane i foredraga til sosionom, terapeut og forfattar Mia Børjesson som ho held  for både føresette, elevar og tilsette ved skulen.  

Mia Børjesson er klinisk sosionom og har ein mastergrad i sosialt arbeid frå Universitetet i Gøteborg. I tillegg har Børjesson utdanning i psykososial rettleiing og diplomutdanning i løysingsfokusert korttidsterapi. Ho arbeider som rettleiar og inspirator knytta til ei rekkje prosjekt innafor psykososialt og helsefremmjande arbeid med barn og ungdom. Ho har mangeårig erfaring med å møte og å ha samtalar med ungdom, både individuelt og i grupper.

Psykisk helse

I samband med temadagen "Psykisk helse" var Børjesson invitert til skulen for å halde foredrag retta mot temaet som ho er rettleiar for - psykososialt arbeid og helsefremmjande arbeid med barn og ungdom. Ho held tre forskjellige foredrag med både Vg1-elevar, tilsette og føresette. Foredraget med føresette var også ope for andre interesserte. 

Per Bråtet

Tillit

Børjesson trekte fram tillit og det å bli sett og høyrt og å bli teke på alvor som dei viktigaste elementa når ein skal byggje gode relasjonar mellom ungdom og ulike roller som ein vaksen måtte ha.  -Tillit kan ein skape med mellom anna kroppspråk, augekontakt, læra seg navn, ha kompetanse, openheit og å vere positiv, sa Børjesson. - God morgon, dette blir ein bra dag! , kan vere ein fin måte å starte dagen og undervisningstimen på, fortsette ho engasjert.

 

 

Framover, ikkje bakover

Børjesson brukte mange konkrete metaforar og undervegs la ho vekt på vegval, draumar, livet som ei reise, korleis mennesket tek seg famover og korleis ein skriv livsmanuset sitt. -Vi skal  framover i livet, ikkje bakover, sa Mia medan ho heile tida kom med døme på positiv utvikling og meistring.

Kjensler

Børjesson understreka også viktigheita av kva slags kjensle ein ungdom heile tida har inni seg. -Elevar hugsar ikke nødvendigvis alle orda eller tala som blir sagt i ein skuletime, men kjensla i klasserommet sit att i kroppen, sa ho. Å dele kjensler er viktig, noko som også kan vere med på å skapa gode relasjonar, meiner Børjesson.  - Å dele ei glede gjev dobbel glede, å dele sorg gjev mindre sorg, var nyttige og tankevekkjande ord å ta med seg for både eldre og yngre tilhøyrarar.

Skulen har fått mange positive reaksjonar på foredraga og det er tydeleg at temaet har engasjert både foreldre, elevar og tilsette på skulen, mykje takka vere ein svært dyktig og engasjerande foredragshaldar.

Publisert av Per Bråtet. Sist oppdatert 15.09.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering