Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Heider og ære til tilsette.

Vinstra vgs Fleire  medarbeidarar ved skulen fekk velfortent  heider og ære for lang og trufast teneste i Oppland Fylkeskommune under årets julelunch.

Fylkesvaraordførar Ivar Odnes delte ut diplom og medaljar  til trufaste tilsette under årets juleavslutning. Sekretær Tove Rusten og adjunkt Morten Sandbakken fekk overrekt Norges vel's medalje og diplom for 30 års teneste. I tillegg fekk  lektor Ingrid Kvernes overrekt sjekk for 25 års teneste, medan avdelingsleiar Gerd Wadahl fekk sjekk for 40 års teneste.

Tove Rusten saman med fylkesvaraordførar Ivar Odnes - Klikk for stort bildeTove Rusten saman med fylkesvaraordførar Ivar Odnes Vinstra vgs

Tove og Morten har hatt heile si teneste ved Viinstra vidaregåande skule. Gerd arbeidde 1 år på Dokka vgs før ho byrja på Vinstra vgs, medan Ingrid arbeidde ca 2 år på Otta vgs før ho byrja her.

Vi gratulerer!

Frå v Morten Sandbakken, Gerd Wadahl, Tove Rusten, Ingrid Kvernes, Ingvild Rønn Sætre og Ivar Odnes.  - Klikk for stort bildeFrå v Morten Sandbakken, Gerd Wadahl, Tove Rusten, Ingrid Kvernes, Ingvild Rønn Sætre og Ivar Odnes. Vinstra vgs

Sist oppdatert 20.12.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering