Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Helsefremmande skule

 Synnøve Harerusten med sertifikatet. - Klikk for stort bildeSynnøve Harerusten med sertifikatet. Marianne Bøe Jervell Vinstra vidaregåande skule er no sertifisert som ein helsefremmande skule.

Markering

Anne Marte Kolbjørnshus gjev beviset på at Vinstra vgs no er ein helsefremmande skule til Synnøve Harerusten. - Klikk for stort bildeAnne Marte Kolbjørnshus gjev beviset på at Vinstra vgs no er ein helsefremmande skule til Synnøve Harerusten. Marianne Bøe Jervell

Onsdag 30. mai 2018 fekk skulen sertifikatet utdelt under ei markering i skulens kantine i matfriminuttet med elevar og tilsette til stades. Jørgen Richenberg (rådgjevar i Oppland fylkeskommune) opna markeringa, før Anne Marte Kolbjørnshus, som er leder av komite for opplæring og kultur, gav sertifikatet til skulens helserådgjevar Synnøve Harerusten. 

Om helsefremmande skular

For å bli sertifisert må skulen oppfylle visse krav, blant anna ha sunn kantine, utarbeide årshjul for helsefremmande tiltak på skulen, ha fokus på psykisk helse og godt skulemiljø, fysisk aktivitet, tobakksfriheit og rusførebyggjande arbeid. Elevar og tilsette skal vera involverte i gjennomføringa av desse tiltaka. I Oppland er det no til saman 7 vidaregåande skuler som er sertifiserte, i tillegg til Vinstra er det Dokka, Gausdal, Lena-Valle, Hadeland, Gjøvik og Valdres. Oppland fylkeskommune har som mål å få sertifisert alle dei ti vidaregåande skulane i fylket innan 2020. Skulane vil få midlar frå fylkeskommunen til helsefremmande tiltak. 

Leif Solheim (rektor), Synnøve Harerusten (helserådgjevar/avdelingsleiar) og Anne Marte Kolbjørnshus (leder av komité for opplæring og kultur) med beviset på at skulen no er sertifisert som ein helsefremmande skule. - Klikk for stort bildeLeif Solheim (rektor), Synnøve Harerusten (helserådgjevar/avdelingsleiar) og Anne Marte Kolbjørnshus (leder av komité for opplæring og kultur) med beviset på at skulen no er sertifisert som ein helsefremmande skule. Marianne Bøe Jervell Viktig arbeid

Synnøve Harerusten fortalde under markeringa at helsefremmande tiltak er noko av det viktigaste skulen kan gjere, og at det vil raskt vil merkast om skulane ikkje fokuserer på å arbeide førebyggjande med ungdoms helse. Vinstra vidaregåande skule skal fortsette med eit systematisk arbeid for ungdommane si psykiske, fysiske og sosiale helse og for at dei skal ha gode liv der dei opplever meistring i kvardagen. 

Sist oppdatert 30.05.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering