Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Helserekrutteringsdag

 Sverre Sætre opna programmet - Klikk for stort bildeSverre Sætre opna programmet Marianne Bøe Jervell Torsdag 11. oktober kom elevar frå 10. trinn i Midtdalen på besøk til skulen. 

Elevar frå 10. trinn i Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron kommune kom til Vinstra vidaregåande skule for å lære meir om behov og moglegheiter innanfor helsesektoren.

Programmet

Sverre Sætre, kommunalsjef i Nord-Fron kommune, opna dagen med å fortelje om helsetenesta i kommunen og framtidas jobbmoglegheiter. Han fortalte at i dag tek 1 av 6 elevar i kommunen helsefagleg utdanning, men for å oppretthalde dagens tenestetilbod må kvar fjerde elev ved Vinstra vgs ta helseutdanning. I 2035 vil dette ha auka til kvar tredje elev.

Andrea Holmestad er sjukepleiar i Nord-Fron kommune - Klikk for stort bildeAndrea Holmestad er sjukepleiar i Nord-Fron kommune Marianne Bøe Jervell

Så var det presentasjon av tilsette i helsetenesta i kommunane i Midtdalen, med innlegg frå lege, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar. Elevane fekk høyre om utdanning og arbeidskvardag i dei ulike yrka. 

Helse- og oppvekstfag ved Vinstra vgs

Synnøve Rindhølen Harerusten (avd.leiar og helsesyster) presenterte utdanningstilbodet Helse- og oppvekstfag saman med to elevar frå Vg2 Helsearbeidarfag, Mira Indergård og Eline Kvernes Myhren. Elevane brukar mykje av skuledagen på fag som helsefremjande arbeid, kommunikasjon og yrkesutøving. Dei har og mykje praksis ute i løpet av skuleåra på vidaregåande. Mange vel å ta to år som lærling etterpå og så fagbrev som helsefagarbeidar, mens andre går påbygg for å få studiekompetanse og tek høgare utdanning. 

Synnøve Harerusten, Mira Indergård og Eline K. Myhren frå Vinstra vgs.  - Klikk for stort bildeSynnøve Harerusten, Mira Indergård og Eline K. Myhren frå Vinstra vgs. Marianne Bøe Jervell

Mange moglegheiter

Etter at programmet var ferdig på skulen fekk elevane lunsj før dei drog for å besøke helsetenester/avdelingar i kommunane. Elevane hadde fått høyre om mange spennande yrke og svært gode moglegheiter for å få jobb etter utdanning om dei vel eit yrke innanfor helsesektoren. 

Sist oppdatert 11.10.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering