Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Innføring i byggjing av kraftverk

Klasse 2BYGB har vore på ekskursjon ved Nedre Otta kraftverk.

Tysdag den 13. mars var 2 BYGB på ekskursjon ved Nedre Otta kraftverk. Dette er eit elvekraftverk i Ottaelva som blir bygd 500 meter inne i fjellet ved Lalm i Vågå kommune. Prislappen er på 1,2 milliardar.

Innføring i byggjing

Klassa vart godt mottekne av byggjeleiar Arild Melchiorsen i Eidsiva Vannkraft og anleggsleiar Jo Furunes frå Skanska. Dei gav elevane ei innføring i byggjing av kraftverk i fjell og korleis bli lærling i Skanska.

Klasse 2BYGB - Klikk for stort bildeKlasse 2BYGB Paul Rune Jacobsen

Store dimensjonar

Inne i fjellet fekk elevane verkeleg oppleve dimensjonane i dette prosjektet. Hallen der vatnet kjem inn i kraftverket er 8 etasjar høg og tunnelane inn og ut er 90m2 store og 9 km. lange. Dersom all stein som er sprengt ut blir stabla oppå kvarandre så kunne ein fylt ei heil fotballbane i ei høgd på over 240 meter!

Glimt frå kraftverket - Klikk for stort bildeGlimt frå kraftverket Paul Rune Jacobsen

Byggjinga av kraftverket starta opp i oktober 2016 og skal stå ferdig våren 2020.

Sist oppdatert 22.03.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering