Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Innføring i Israel - Palestina konflikta

Illustrasjon Tidligare elev ved skulen, Ingrid Baukhol, kom torsdag attende til gamle trakter for å forelese om Israel-Palestina-konflikta. Både elevar og lærarar fekk ei brei og engasjerande innføring.

Sidan russetida på Vinstra i 2007 har Baukhol teke mastergrad i Globale studiar, studert arabisk språk, islamske studiar og Midtøsten studiar. Ho har budd fleire år i Jerusalem og i Bethlehem, som student og som menneskerettsobservatør.  Med dette som bakgrunn tok ho for seg historia bak konflikta, frå 1948 til i dag, og korleis viktige hendingar har vorte tolka ulikt av israelarar og palestinarar og på denne måten ført til ulike oppfatningar av konflikta.

Ingrid fortalte også om korleis  ho sjøv opplevde å bu i eit område med så store motsetningar. Når det gjeld dagens konfliktbilde, la Baukhol vekt på korleis auka  polarisering heng  saman med at religionens rolle i konflikta blir stadig viktigare. Likevel meiner ho at det er grunn til å håpe på fred , israelarar og palestinarar har i mange daglige situasjoner gjensidig glede av kvarandre, for å kjøpe frukt, reparere bilen, eller slå i hjel tid på eit trikkestopp.

Takk til Ingrid for at ho delte sine tankar, meiningar og erfaringar med oss !  Per Bråtet

Sist oppdatert 20.11.2015
Fant du det du lette etter?
Login for redigering