Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Kyrkjekonserten

Kyrkjekonserten fyller 25 år! 

Musikk- og danselina har hatt konsert i Sør-Fron kyrkje sidan MusikkDansDrama vart oppretta på Vinstra vgs i 1993. Det er altså 25-års jubileum i år! Den er kjenneteikna av stor variasjon og mange aktørar, da alle elevane er med, altså både musikk, dans, folkemusikk og folkedans - her er verkeleg alle genre representert. Tenk å få vere både elev og lærar i ein slik dagleg flora av uttrykk!

Per Bråtet

Konserten kjenneteiknast også ved at det er et veldig stort publikum, og det betyr så klart utruleg mykje for elevane. Energien i eit stort publikum er noko heilt spesielt. 

Eventuelt overskudd frå konserten har dei siste åra vore brukt til at elevene har reist på studietur til Oslo for å sjå musikal, ballett eller opera, samt besøk på nokre høgare utdanningar innan musikk og dans.  

 

GD

For 25 året på rad vil også konserten avsluttast med Alta Trinita Beata. Vi vurderte eit år å byte den ut, men det prøver vi ikkje ein gong til - da var det høglytte protestar i elevmassa. Tradisjonen er sterk.  

Vi ynskjer nok eingong publikum velkommen til ei vakker stund i Sør-Fron kyrkje saman med elevar og lærarar frå musikk- og danselina ved Vinstra vidaregåande skule!    

Jubileumskonserten var planlagt til fredag 30. nov, men er utsatt til fredag 18.januar. 

Sist oppdatert 30.11.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering