Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Lærlingkontraktar

Bjørn Tofte Fredag 15. juni signerte heile 17 elevar frå Vg2 Byggfag lærlingkontraktar samtidig.

Godt samarbeid

Avd.leiar Bjørn Tofte. - Klikk for stort bildeAvd.leiar Bjørn Tofte. Oppland fylkeskommune/Jørgen Skaug

Avdelingsleiar Bjørn Tofte seiar at det er ein storhending at så mange signerer på ein gong. Skulen set stor pris på det gode samarbeidet med bedriftene, både at dei tek i mot elevar på utplassering og at dei tek inn lærlingar etter at skuletida på Vinstra vgs er over. Tofte fremhevar at det er bra at OBG, Opplæringskontoret for byggfagene i Gudbrandsdalen, får til eit treffpunkt med skule, bedrifter og opplæringskontor.

Ut i arbeidslivet

Under signeringa i dag deltok i tillegg til dei 17 elevane som skreiv kontrakt:Elevane signerer lærlingkontraktar.  - Klikk for stort bildeElevane signerer lærlingkontraktar. Bjørn Tofte

OBG (Opplæringskontoret for byggfagene i Gudbrandsdalen)
Fron Bygg
Nordbohus
Tinde Hytter
OM Bakken Bygg
Lågen Bygg & Maleservice
Haverstad Entreprenør
Gauksås GulvstøpStenumgård Bygg
Vinstra Sementpuss
Lundbakken Bygg

Dette var siste skuledag for elevane på Vg2 Byggfag, neste veke er dei utplassert i bedrifter. Til hausten skal mange av dei ta fatt på arbeidslivet. Lukke til! 

Sist oppdatert 15.06.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering