Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Livsglede for eldre

Synnøve Harerusten Elevar skaper glede og variasjon for bebuarar ved Sundheim bu- og treningssenter.

Elevar ved Helse- og oppvekstfag (HO) held for tida på med eit prosjekt  saman med Sundheim bu- og treningssenter. Dette er ein del av folkehelseorganisasjonen "Livsglede for eldre" sitt prosjekt og deira visjon og verdiar.

Livsglede for eldre

"Livsglede for eldre" er ein folkehelseorganisasjon som er religiøst og politisk uavhengig. Organisasjonen arbeider for at alle eldre skal ha ein god og meiningsfull kvardag og gjennom gode opplevingar stimulara dei sosiale, åndelege og kulturelle behova. Livsgledepedagogikk kan forklarast som praksinær opplæring i direkte møte med eldre gjennom trivselsskapande aktivitetar. Organisasjonen byggjer på læreplanenes mål, både i programfag og yrkesfagleg fordjupning. Den største vinninga er den opplevde livsgleda for både unge og eldre.

Les meir om Livsglede for eldre

Synnøve Harerusten

Viktig arena for rekruttering

Eldreomsorga er ein viktig læringsarena for elevane ved skulen, der fokuset er på dei gode møta mellom ungdom og eldre gjennom trivselsskapande tiltak og aktivitetar. Elevane lærer å kommunisera med eldre og tilsette i eldreomsorga, å sette andre behov i sentrum og gje av seg sjølv. Ved å delta i dette prosjektet bidreg skulen til rekruttering til Helsearbeidarfaget. Fleire får innblikk i ein spennande og utfordrande kvardag, der elevane får bruka seg sjølv og si eige omsorgsevne.

Vinn-vinn-situasjon

Skulen treng øvingsarenaer for elevane for å nå sine læringsmål og Sundheim treng bistand til å skape glede og variasjon for bebuarar i kvardagen. Dermed blir dette prosjektet ein vinn-vinn-situasjon for både skule, elevar og institusjonen, og ein viktig arena for å videreutvikle dette gode samarbeidet.

Synnøve Harerusten

Julebakst

Elevane er ute på alle avdelingar. Dei besøkjer avdelingane to og to elevar saman. Det er avtalt fleire dagar framover der Vg1 HO-elevane  bidreg inn i aktivitetar i 2-3 timar. Denne veka skulle alle avdelingane bake til jul. Etter at dei hadde laga deig var elevane med bebuararne  og kjevla ut og baka småkaker. Stemninga var god og lett. - Dette er verkeleg noko vi set pris på, var det fleire av bebuarane som sa til avdelingsleiar Synnøve Harerusten, da ho var innom på besøk.

Andre aktivitetar elevane skal være med på er turgåing, allsang, lesing og matlaging.

Elevar frå 1HO. Fatema Ibrahim Al-Zein, Marzia Maqsudi, Lise Olivia Aspen Ovall, Marita Kjelby, Anne Marte Morstøl, Cecilie Steen Rundtom, Kristine Ringen, Lina Gryttingslien - Klikk for stort bildeElevar frå 1HO. Fatema Ibrahim Al-Zein, Marzia Maqsudi, Lise Olivia Aspen Ovall, Marita Kjelby, Anne Marte Morstøl, Cecilie Steen Rundtom, Kristine Ringen, Lina Gryttingslien Synnøve Harerusten

Publisert av Per Bråtet. Sist oppdatert 11.12.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering