Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Lovande folkemusikarar

Arkiv Introfolk er eit lanseringsprogram for unge, lovande folkemusikarar i regi av Organisasjonen for folkemusikk- og folkedans ( FolkOrg)

 Seks søkjarar har blitt plukka ut til å delta på tre semifinaler på ulike festivalar sommaren 2015. Fyrste semifinale går føre seg på Førdefestivalen 3.juli. Der møtest to duoar til dyst: Hans P. og Rasmus Kjorstad kiver med Sivert Holmen og Bjørn Kåre Odde om ein plass i finalen. Alle fire er tidlegare elevar på landslina i folkemusikk på VVS. Hans er nyleg tildelt Øyvind Bergs minnepris, og alle fire har markert seg sterkt som nokon av landets beste, unge folkemusikarar. Introfolkfinala går føre seg på Folkelarm i september, og vinnaren får eit omfattande lanseringsprogram.

Ein annan tidlegare elev, Erlend Viken, vann Introfolk 2012.

Folkorg

Sist oppdatert 02.07.2015
Fant du det du lette etter?
Login for redigering