Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Mari klar for finala i Toneprisen

Fovea Mari Midtli frå Sel er ein av seks musikktalentar som er klar for finala i Toneprisen i Maihaugsalen i oktober. Mari går folkemusikklinja  og har song, kveding og hardingfele som sin musikksjanger.

Toneprisen er ein av Innlandets største og mest prestisjefylte musikkonkurransar og 18-åringen frå Sel imponerte juryen stort under kvalifiseringa til finala der ho song og kveda. Konkurransen er eit samarbeid mellom NRK, Eidsiva  og Tonheim og premien til vinnaren er 50.000 kr og konsert med Kringkastingsorkesteret.

Mari er også blant artistane som skal syngje og spele under Folkelarm i september. Folkelarm er Nordens største bransjetreff for folkemusikk og folkedans og har i år 10-års jubileum.

Sjå og les meir om Mari på nrk.no der ho får beskjed om finaleplass

 

Arkiv

Sist oppdatert 19.06.2015
Fant du det du lette etter?
Login for redigering