Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Mari vann Toneprisen

Fovea Mari Midtli frå Sel vart laurdag kveld kåra til vinnar av Toneprisen!

Mari deltok i sjangeren folkemusikk og  framførte kveding frå ei stubbsamling frå Gudbrandsdalen etter Kristian Åsmundstad, Rønnaug Vangen og Gjendine Slålien. Ho framførte også middelalderballaden «Herr Ole».

Selsjenta vann både publikumsprisen og sjølve Toneprisen foran eit begeistra publikum i Maihaugsalen. Prisen er på 50000 kr,  i tillegg til pengar følgjer det i premien med eit samarbeid med Innlandet filharmoniske orkester samt ein dag saman med Kringkastingsorkesteret.  

Mari går siste året på folkemusikklinja og både syng, kvedar og spelar fele.

Toneprisen er eit arrangement i samarbeid mellom Eidsiva, NRK Hedmark og Oppland og Toneheim folkehøgskule.

VI gratulerer Mari med prisen!

Nrk

Sist oppdatert 26.10.2015
Fant du det du lette etter?
Login for redigering