Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Miljø- og aktivitetsdag

 Vinnarane av fotballturneringa - Klikk for stort bildeTorsdag 12. september var det miljø- og aktivitetsdag for elevar og tilsette på skulen.

Vinnarane av fotballturneringa - Klikk for stort bildeVinnarane av fotballturneringa Torstein Hermansen

Turneringar

Dagen starta med felles oppvarming i Vinstrahallen. Deretter gjekk elevane til den aktiviteten dei hadde meldt seg på før lunsj. Dei fleste hadde valt å spele volleyball i hallen, heile 270 elevar deltok i turneringa. Vinnarane vart ei gruppe frå 3. klasse studiespesialisering.

På Eidesand kunstgrasbane var det fotballturnering. Her vann ei gruppe med elevar frå fleire klassar, blant annet 1. klasse på elektro, helse- og oppvekstfag og musikk/dans. 

Fotturar

Lærar Arnt Rune Solbakken sjekkar temperaturen i pizzaovnen. - Klikk for stort bildeLærar Arnt Rune Solbakken sjekkar temperaturen i pizzaovnen. Marianne Bøe Jervell Nokre elevar hadde valt å gå på tur. Ei gruppe tok ein lengre tur oppover mot Brakjeberget på Vinstra, mens ei anna gruppa hadde med seg Ole Edvard Bjørge (lærar) som guide og gjekk til furuskogen på andre sida av E6. Her var det natursti inne i furuskogen og guiden fortalde om naturen, dyre- og fuglelivet i området. 

Lunsj og "drop-in" aktivitetar

Til lunsj ble det servert pizza, frukt og saft. Etterpå kunne elevane velje mellom mange ulike aktivitetar, blant anna quiz, øksekast, luftgeværskyting (med Vinstra skytterlag), hestesko-kasting, yoga og pilates. Quizen på skulebiblioteket ble vunne av to lærarar og to elevar, som hadde heile 53 av 55 riktige svar! 

 

God innsats under quizen på skulebiblioteket. - Klikk for stort bildeGod innsats under quizen på skulebiblioteket. Marianne Bøe Jervell

Fin utsikt på turen. - Klikk for stort bildeFin utsikt på turen. Ragnhild Hernæs

Sist oppdatert 13.09.2019
Fant du det du lette etter?
Login for redigering