Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Min veg vidare frå Vinstra vgs.

Arkiv Frå Gålå til Ramallah, Gøteborg , Jerusalem, Betlehem og Oslo 

Av Ingrid Baukhol, tidlegare elev ved Vinstra vidaregåande skule

Fyrste møte med Midtausten

Da eg var ferdig ved Musikklinja på Vinstra vgs visste eg ikkje kva retning livet mitt skulle ta. Eg fann ut at eg berre måtte prøve,og fyrste stopp vart Trondheim, for eitt år med Samfunnskunnskap ved NTNU. Der fann eg ut enda litt meir om kva jeg kunne tenkje meg å studere vidare, og eg søkte så på ein Bachelor i Internasjonale Studiar og Samtidshistorie ved Høgskulen i Lillehammer (HiL). Eg skjønte snart at eg var nysgjerrig på det å møte nye kulturar, mennesker og oppfatningar – og korleis dette reflekterte seg i politikk. I 2009, under mitt andre år på HiL, reiste eg til Midtausten og Israel/Palestina for fyrste gong.Med ein gong eg gjekk inn Damascusporten til Gamlebyen i Jerusalem så var eg seld. Landområdet, regionen, historia, kulturane og dei mange og sterke inntrykka gjorde at eg drog attende i 2010, og i 2011. Fascinasjonen for Israel/Palestina vaks for kvart besøk og eg bestemte meg for at det måtte bli dette eg skreiv om i bacheloroppgava mi. Eg var full av undring overfor denne ’kruttønna’ som  samtidig var sivilisasjonens krybbe, og eit geografisk og strategisk knutepunkt mellom øst og vest. Arkiv

Masterprogram og praktikantopphold i Jerusalem

Interessa for kulturar og sosiale dynamikker ble lagt saman med den gryende interessa for Midtausten, og eg forsto at konfliktløysing var eit felt eg ville vite meir om. Korleis kunne ei konflikt som denne få lov til å berre fortsette og fortsette? Kor var det internasjonale samfunnet og kva for hinder var det for fred? Derfor søkte eg meg vidare på eit masterprogram i globale studiar ved Universitetet i Gøteborg . Masterprogrammet hadde fanga mi interesse sidan eg kunne velja å spesialisere meg i konfliktløysing. I løpet av det siste året fekk eg moglegheita til å ha eit praktikantopphold i ein israelsk-palestinsk organisasjon i Jerusalem. Sjølv om opphaldet var frykteleg krevjande, med éin Gazakrig og rakettar som slo ned berre ein kilometer frå kontoret, så vart 8 veker til 7 månader. Eg treivst frykteleg godt i Jerusalem, hadde begynt å plukke opp ein del arabisk, og fekk moglegheita til å reise ein del både i Israel/Palestina og regionen ellers. Eg skjønte at eg ville fortsette å bu i Israel/Palestina og at trongen til å læra meir om staden og konflikta var stor.

Jobb som menneskerettstsobservatør

Dermed søkte eg på nok ein mastergrad, denne gongen i Islam- og Midtaustenstudiar ved Hebrew University i Jerusalem . Eg lærde å lese og skrive arabisk, og hadde eit særs lærerikt år. Min kunnskap om dei to befolkningane og deira kulturer hadde vorte gradvis større, og på bakgrunn av denne kunnskapen fekk eg våren 2015 jobb som menneskerettssobservatør i "Ledsagerprogrammet" til Kirkens Nødhjelp. Eg budde i Betlehem og jobba meir eller mindre døgnet rundt for å rapportere menneskeretttsbrot og for å få tak i hjelp til dei som var ramma. Eg ringte advokatar til palestinske familiar som hadde barn som hadde vorte arresterte i nattraid, observerte på militære checkpoints, og eg oppsøkte jordbruksområder kor israelske busetjarar i løpet av natta hadde hogd ned hundrevis, nokre gonger tusenvis av 400 år gamle oliventre. Inntrykka var mange og sterke, men jobben utruleg givande.

Stiftinga «Business for Peace»

I juni 2015 var eg ferdig som menneskerettsobservatør og ønskte å jobbe meir med Noregs rolle i Midtausten. Eg ville prøve å kome meg til Oslo og byggje eit nettverk også der. Eg brukte litt tid på å søkje på forskjellige jobbar, oppsøkje konferansar eg visste ville ha "dei rette folkene’ til stades", og oppdatere CV og visittkort. Det var krevjande, men det lønte seg. I november fekk eg endeleg napp hjå ei stifting som heiter Business for Peace . Stiftinga har som mål å anerkjenne og skape ei plattform for businessleiarar verda over, som ønskjer å gje noko attende til samfunna dei opererer i, og som jobber for eit felles lønsamt forhold mellom samfunnet og sin bedrift. Anerkjennelsen kjem  gjennom ein pris, som kvart år blir delt ut til eit knippe businessmenn- og kvinner. Dette var eit helt nytt felt for meg, men eg kjente at eg trudde på ideen om å bruke business til noko bra – nemleg å skapa fred. Både ein israeler og ein palestinar har vunne prisen, og diskusjonen rundt Midtausten er sentral i stiftinga sitt arbeid. Ingrid Baukhol

Gode erfaringar frå Vinstra vgs

Eg er særs  glad for at eg har fått ein jobb som er relevant for den utdanninga eg har vald, men som samtidig lærer meg mykje nytt. Eg ser attende på mine år med videregåande- og høgare utdanning, og ser at det faktum at eg vart gjeve moglegheita til å dyrke interesser, gjorde at eg klarte å finne "min veg" fram til vaksenlivet. Mitt politiske engasjement fekk god grobotn i elevrådet på Vinstra vgs, og samhaldet ved den ellers så mangfoldige Musikklinja var erfaringar eg nyt godt av den dag i dag.

Likevel så er ikkje min veg ferdig, interesser og preferansar endrar seg heile tida, og eg ser på tida framover med spenning. Vil eg fortsetje å bu i Oslo? Skal jeg attende til Midtausten? Vil eg over i ei anna bransje enn den eg er i nå? Spørsmåla er mange, og det er lett å bli stressa og betenkt i forhold til alle vala ein heile tida blir presentert for.

Kjenn på magefølelse, interesse og motivasjon

Eg er av den oppfatning at ein gjer seg sjølv ei teneste ved å nokre gonger stoppe opp; trekkje pusten djupt, sjå på det ein har akkurat i augeblikket og gjere det så godt ein kan der og da, og la vala kvila litt. Vi får det alle litt betre dersom vi tenkjer litt mer over kor bra vi har det akkurat nå, i staden for å heile tida stresse for framtid og tenkje på fortid. Når vi nå ein gong må ta desse store vegvala om for eksempel studieretning, skule, jobb eller bustad, så er magefølelse, interesse og motivasjon  noko av det viktigste vi kan la arbeide for oss når vi skal skape den reisa som liva våre er.

Sist oppdatert 08.02.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering