Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Ny E-6, prosjekt for klasse 1A2A3A

Dølen Elevane i klasse 1A2A3A har i sine norsk - og samfunnsfagtimar arbeidd med eit " Photo Story" - prosjekt der tema har vore ny E6 gjennom Fron.

Elevane har jevnleg besøkt eit konsentrert utbyggingsområde frå Lomoen til Kongsli bru, og dokumentert dette ved hjelp av foto. Samstundes har elevane hatt fokus på og samtaler rundt positive og negative konsekvensar som ei slik utbygging kan føre med seg for lokalsamfunnet.

Jo Brusveen

Framlegging av prosjekt for Statens vegvesen og media

I samband med prosjektet vart det oppretta kontakt med Statens Vegvesen. Dei ba klassa til riggen i  Ringebu der elevane fekk leggje fram sine prosjekt for heile personalgruppa og media på storskjerm. Dei vart henta av uniformerte vegvesenbilar på skulen og hadde med seg eigenprodusert gave i form av  ein stor plakat med bileter og tekst.

 Guiding på ny E-6

Etter seansen, gaveoverrekking og fotografering vart elevane kjørt attende til skulen med guiding langs ny E-6, inkludert Hundorptunnelen. Dette var ei stor oppleving for stolte elevar!

Jo Brusveen

 

 

 

 

 

 

 

Ein stor takk til Statens vegvesen og alle dei ansvarlege ved riggen på Ringebu som gjorde dette til ein veldig fin dag for klasse 1A2A3A!

Elevane i klasse 1A2A3A består av: Julie Sønsteli, Magnus Høyesveen, Helene Skriubakken, Stian Einlien, Helene Hagen, Astri Berge og Tomas Jøråsen.

Jo Brusveen

Jo Brusveen Dølen v/Tone Sidsel Sanden

Sist oppdatert 25.05.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering