Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Opplandsmeisterskap i tømrarfag

Vinnar Nikolay Westhagen saman med ferdig produkt - Klikk for stort bildeVinnar Nikolay Westhagen saman med ferdig produkt Per Bråtet Nikolai Westhagen frå Hadeland vgs er ny Opplandsmeister i tømrarfag.

Torsdag 15. mars arrangerte Vinstra vgs fylkesmeisterskap i tømrarfag for yrkesfagskulane i Oppland som har studieretning Vg2 byggteknikk. Det var totalt 9 deltakarar frå Hadeland vgs, Dokka vgs, Gjøvik vgs, Valdres vgs og Vinstra vgs. Elevar frå Vinstra vgs som deltok var Sondre Melgård og Herman Bråthen, båe frå Sør-Fron.

Auke interessa for tømrarfag

Hensikta med konkurransa er å synleggjera byggfag på ein positiv måte og å auke interessa for faget. Oppgåva var å produsere ein takkonstruksjon etter teikning.Alle deltakarane. Herman Bråthen og Sondre Melgård, Vinstra vgs, Ivar Kvaberg og Ole Kristian Bason, Dokka vgs, Ola Kristian Hippe og Håkon Hasle Lyhus, Valdres vgs, Joakim Sandholt og Nikolai Westhagen, Hadeland vgs og Kasper Andersen, Gjøvik vgs - Klikk for stort bildeAlle deltakarane. Herman Bråthen og Sondre Melgård, Vinstra vgs, Ivar Kvaberg og Ole Kristian Bason, Dokka vgs, Ola Kristian Hippe og Håkon Hasle Lyhus, Valdres vgs, Joakim Sandholt og Nikolai Westhagen, Hadeland vgs og Kasper Andersen, Gjøvik vgs Per Bråtet

Dobbeltsiger til Hadeland vgs

Det vart til slutt Nikolay Westhagen frå Hadeland vgs som reiste heim att med 1. premie i form av medalje og vater sponsa av Monter. Vinnaren hadde eit imponerande velsnekra produkt, så alt tyder på at han har vore ein flittig brukar av vater, drill og stikksag før.

Nummer 2 vart Joachim Sandholt frå Hadeland og vår eigen Sondre Melgård vart nummer 3.

Vinnar Nikolai Westhagen, Hadeland vgs saman med ferdig produkt - Klikk for stort bildeVinnar Nikolai Westhagen, Hadeland vgs saman med ferdig produkt Per Bråtet Dei tre på pallen. Nikolai Westhagen og Joackim Sandholt, Hadeland vgs og Sondre Melgård, Vinstra vgs - Klikk for stort bildeDei tre på pallen. Nikolai Westhagen og Joackim Sandholt, Hadeland vgs og Sondre Melgård, Vinstra vgs Per Bråtet

 

 

 

 

 

 

 

Jevn konkurranse

Dommarene var imponerte over det ferdige produktet til alle, og kunne melde om at det var svært jevnt, der kun nyansar skilde deltakarane.

Deltagarar frå Vinstra vgs, Herman Bråthen og Sondre Melgård - Klikk for stort bildeDeltagarar frå Vinstra vgs, Herman Bråthen og Sondre Melgård Per Bråtet

Herman Bråthen frå Vinstra vgs under konkurransa - Klikk for stort bildeHerman Bråthen frå Vinstra vgs under konkurransa Per Bråtet

 

 

 

 

 

 

 

 

Gratulerer til vinnaren og til alle deltakarane med framifrå innsats!

Sist oppdatert 16.03.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering