Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

PressReader - ny gratis bibliotekteneste i Oppland

PressReader - Klikk for stort bildePressReader PressReader Oppland fylkesbibliotek lanserer nå PressReader i alle folkebibliotek og skulebibliotek i vidaregåande skuler i Oppland. Tenesta gjev bibliotekbrukarar gratis tilgang til over 5000 aviser og tidsskrift på 70 forskjellige språk. 


PressReader - Klikk for stort bildePressReader PressReader

For å bruke tenesta kan du laste ned appen PressReader gratis frå Appstore eller GooglePlay. Brukar du PC går du inn via pressreader.com. Laster du ned appen får du online tilgang utanfor biblioteket i 72 timer. PressReader er brukar- og lesarvennlig på både pc, nettbrett og smarttelefon.

Mange norske riks- og lokalaviser er med, blant anna Aftenposten, Dagbladet og Oppland Arbeiderblad. Du kan lese blad som Newsweek, Top Gear, Elle og Vogue, eller andre blad om emne som gaming, matlaging, teknologi, sport og helse.

I tillegg ligg det 90 dagars arkiv på alt av aviser og tidsskrift. 80 norske aviser og tidsskrift er tilgjengeleg per i dag og fleire kjem stadig til. Så no kan du altså lese for eksempel papirutgåva av Aftenposten og Dagbladet gratis heime i helga på telefon eller nettbrettet ditt. Spør på skulebiblioteket om det er noko du lurar på rundt tenesta. 

Sist oppdatert 04.04.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering