Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Psykisk helse på timeplanen

Stort engasjement under paneldebatten - Klikk for stort bildeOnsdag 17. oktober sto psykisk helse på timeplanen for alle Vg1-elevane på Vinstra.

Stort engasjement under paneldebatten. - Klikk for stort bildeStort engasjement under paneldebatten. Marianne Bøe Jervell Det vart vist videoar som innledning til tema under paneldebatten. - Klikk for stort bildeDet vart vist videoar som innledning til tema under paneldebatten. Marianne Bøe Jervell

Paneldebatt

Dagen starta med ein paneldebatt leda av helserådgjevar Synnøve Harerusten. I panelet satt Kjell Bakken (politi), Ingeborg Braastad Hagen (helsesyster), Hanne Sletten Lie (psykolog), Kristin Grøthe (elev Vg3 Vinstra vgs), Ann Kristin Hoel (barnevern) og Katarina Bagge Stormo (rus og psykisk helse). Alle arbeidar i kommunane i Midtdalen. Paneldebatten tok opp tre tema: Angst og depresjon, deling av privat innhald på sosiale media og inkludering/einsamheit. Elevane var engasjerte tilhøyrarar og hadde fleire spørsmål og innspel til debatten. Det kom blant anna spørsmål om kvifor psykisk helse ikkje er eige fag i barneskulen? Her var svaret at dette er i ferd med å endrast, nasjonalt med nye læreplanar som set livmeistring på timeplanane frå 2020, og lokalt med eit prosjekt som går føre seg i alle midtdalskommunane no. Paneldebatten vart avslutta med ein presentasjon av ulike helsetenester i Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron kommune.

Mia Börjesson

Mia Börjesson kom frå Sverige for å halde foredrag - Klikk for stort bildeMia Börjesson kom frå Sverige for å halde foredrag Marianne Bøe Jervell

Etter ei stutt pause var det foredrag av Mia Börjesson. Ho var her førre skuleår for å prate om sjølvtillit og livsmeistring, og dette var så vellukka at kommunane hadde invitert ho på ny for å halde ei rekke foredrag i Midt- og Norddalen denne veka.

Börjesson prata også i år om livsmeistring og om at kvart enkelt menneske kan skrive sitt eige manus. Vi kan forandre oss og arbeide for å bli betre medmenneske, og vi kan jobbe med vårt eige sjølvbilde (som sit i tankane våre) for å få betre sjølvfølelse. Dette vil gje utslag i handlingane våre og gje oss god sjølvtillit.

Sist oppdatert 19.10.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering