Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Reisebrev frå Murcia, Spania

Eli Krokmoen How can students develop and show social and cultural competence under the influence of new technologies?

10 elevar frå spanskgruppa i 2ST drog saman med spansklærar Eli og avdelingsleiar Kari Åse, tidlegare i haust på ei vekes studietur til Murcia i Spania. Turen var ein del av Erasmus+-prosjektet med tema rundt sosial og kulturell kompetanse i samband med ny teknologi.

Colegio Antonio de Nebrija

Colegio Antonio de Nebrija, som er navnet på skulen vi besøkte, er oppkalla  etter han som skreiv den fyrste kastiljanske grammatikken på 1400-talet. Skulen er frå 1997 og er delvis privat og offentleg med ca 650 elevar og 112 tilsette, der 94 er lærarar. Ungdomsskulen og den vidaregåande skulen er offentleg og består av ein stor og  triveleg bygning. Her ønskjer ein å gje elevane ei global utdanning med spesielt fokus på språk. Nokre fag er som dei vi har, noko vi fekk innblikk i da vi var med rundt i dei ulike klassane. Men mykje var og annleis, til dømes har dei ikkje musikk- og danseline og heller ikkje yrkesfag, men barnehage har dei, med ungar frå 0 år!

Amfiteateret i Cartagena - Klikk for stort bildeAmfiteateret i Cartagena Eli Krokmoen

Utveksling mellom Norge, Spania og Tyskland

Vi var i Murcia, som er ein by på størrelse med Oslo, ei veke og budde hos spanske  familiar saman med kvar vår spanske elev. Vi møtte også 10 elevar frå KGS Kooperative Gesamtschule i Gronau, Hannover  i Tyskland, der ei anna gruppe frå skulen vår var på utveksling som ein del av det same prosjektet før jul i fjor. Dette er den andre utvekslinga mellom Tyskland, Spania og Norge. I mars 2019 kjem elevar og lærarar hit til oss på Vinstra. Erasmus+ prosjektet som vi deltek i, har tittelen «How can students develop and show social and cultural competence under the influence of new technologies?» I Tyskland vart det arbeidd med mobbing på internett og nå var fokuset «fake news», som vi jobba med på skulen i blanda grupper av spanske, tyske og norske elevar.

Å bu med vertsfamiliar

Noko av det beste med heile turen og ein viktig del av prosjektet, var å bu saman med ein vertsfamilie, i tillegg å bli kjent med andre kulturar. Vi budde hos hyggelege familiar som let oss koma tett på kvardagslivet deira med spansk mat, språklege utfordringar og ikkje minst det sosiale samværet. Kvar dag etter skuletid drog vi heim til vertsfamiliane som vi ble meir og meir kjende med. Fleire av foreldra kunne ikkje så mykje engelsk, så det vart ei utfordring til tider, men og ei nyttig trening for dei av oss som har spansk som framandspråk. Sjølv om vi kjem frå ulike land med ulike språk og kulturar, så forstod  ungdommane kvarandre bra og dei neste kveldane møttest vi og vart godt kjente, både med dei tyske og dei spanske.

Vertsfamiliane tok oss med på ymse opplevingar, til dømes på  fotballkamp og til ei strand som er veldig spesiell der Middelhavet møter eit lite hav innanfor, som kallast Mar Menor.

Oppmøte på skulen kvar dag

Alle elevane og lærarane som har ansvar for prosjektet, to frå oss, to frå Tyskland og to spanske lærarar, møttest kvar dag på skulen. Fyrste dagen vart det omvising, møte med leiinga og vi og dei tyske elevane presenterte kvar vår skule og heimplass. Etter første skuledag reiste alle saman til Murcia sentrum  med trikk og var på ei vandring gjennom gamlebyen, der vi besøkte den flotte katedralen og vart litt kjent elles i byen.

Katedralen i Murcia - Klikk for stort bildeKatedralen i Murcia Eli Krokmoen

Studiearbeid - Klikk for stort bildeStudiearbeid Eli Krokmoen

 

 

 

 

 

Mange opplevingar

Onsdag drog vi alle sørover med buss til byen San Javier, der vi  besøkte skulen og militæranlegga der dei utdannar flypilotar. Vi vart vist rundt på området, såg film og var på museum, men det beste var å sjå og sitte oppi flya på den store flyplassen. Vi reiste vidare til den kjente byen Cartagena som ligg ved Middelhavet og såg det imponerande amfiteateret heilt frå romarane si tid. Fritid til å gå rundt i den vakre byen vart det også.

Alle elevane samla på flybasa i San Javier - Klikk for stort bildeAlle elevane samla på flybasa i San Javier Eli Krokmoen Siste dagen hadde dei spanske elevane med seg litt mat frå heime, til ein felles frukost i kantina før ein høgtidleg seanse der kvar og ein, både elevar og lærarar som deltek i prosjektet vart ropt opp på ei scene og fekk kvart vårt deltakarsertifikat og applaus.

Heimreise

Laurdag vart vi henta på skulen kl. 03.15 for å ta bussen til Alicante, flyet til Gardermoen gjekk kl. 07.00. Det vart ein lang tur heim, med ein del venting, men alt gjekk veldig bra. Vi har fått venner som kanskje kjem hit i mars når prosjektet fortsett her og kanskje venner for livet? Vi synes at Erasmus+ ga oss ei fantastisk moglegheit til å oppleve noko nytt, interessant og annleis, og håper at og andre elevar kan få oppleve noko liknande.

Sertifikatutdeling. Ali Hamid, Amanda Hansen Møller, Arman Zanjani, Arnfinn Hagen, Gina Braastad,Gudbrand Lo, Ingrid Rudi Teige, Kari Lie, Nora Grasbakken Suleng og Tea Forr Austnes  - Klikk for stort bildeSertifikatutdeling. Ali Hamid, Amanda Hansen Møller, Arman Zanjani, Arnfinn Hagen, Gina Braastad,Gudbrand Lo, Ingrid Rudi Teige, Kari Lie, Nora Grasbakken Suleng og Tea Forr Austnes Eli Krokmoen

Helsing

Ali Hamid, Amanda Hansen Møller, Arman Zanjani, Arnfinn Hagen, Gina Braastad, Gudbrand Lo, Ingrid Rudi Teige, Kari Lie, Nora Grasbakken Suleng,Tea Forr Austnes og Eli Krokmoen.

Sist oppdatert 02.01.2019
Fant du det du lette etter?
Login for redigering