Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Sierra Leone-aksjonen 2018

 Skulen i Sierra Leone - Klikk for stort bildeSkulen i Sierra Leone Umu Pyne 7. november og 8. november var det Sierra Leone-aksjon for elevane på skulen. Totalt samla elevane inn 98 400 kr. 

Elevane i årets komité: Cecilie Steen Rundtom, Emil Peter Nitschke Rolstad, Oda Nyhus Aanekre og Elise Teige. - Klikk for stort bildeElevane i årets komité: Cecilie Steen Rundtom, Emil Peter Nitschke Rolstad, Oda Nyhus Aanekre og Elise Teige. Marianne Bøe Jervell

Skule i Sierra Leone

I samarbeid med Lillehammer og Gausdal vidaregåande skular har vi i fleire år hatt Sierra Leone-aksjonen som vår form for Operasjon Dagsverk. Kvar elev skal arbeide inn 400 kr. denne dagen, det same som 2 års skulegang for ein elev ved Lillehammer Secondary School kostar. Kvart år samlast det inn totalt rundt 600.000 kronar som går uavkorta til skulen i Sierra Leone. Prosjektet starta i 2002 og målet var å bygge opp ein skule i jungelen i Sierra Leone. Det var ingen ungdomsskule der tidlegare og gjennom å gje desse ungdommane utdanning førebyggast ekteskap og graviditet i ung alder.

Pengane går blant anna til drift og vedlikehald av skulen og lønningar til lærarane.

Besøk

Vanlegvis har det vore lærarar og elevar nede og besøkt skulen kvart andre år, men på grunn av ebola-epidemien, ustabile politiske forhold og dårleg infrastruktur reiste ingen ned i perioden 2011-2018. Men i januar 2018 besøkte tre lærarar og prosjektgründer Umu Pyne skulen. Det er laga ein film om denne turen og prosjektet som kan sjåast her (film på Youtube, ca. 22. minutt).

Aksjonskomiteen i arbeid. - Klikk for stort bildeAksjonskomiteen i arbeid. Marianne Bøe Jervell


Årets aksjonskomité

I år var det fire elevar ved Vinstra vidaregåande skule som hadde ansvaret for aksjonen og innsamling av pengane. Dette var Cecilie Steen Rundtom (Vg1 Helse- og oppvekstfag), Emil Peter Nitschke Rolstad (Vg1 Studiespesialisering), Oda Nyhus Aanekre (Vg2 Musikk og dans) og Elise Teige (Vg2 Studiespesialisering).

Totalt samla elevane inn 98 400 kr til Lillehammer Secondary School under Sierra Leone-aksjonen i år. Stor takk til alle elevar og til alle som bidrog med arbeid til elevane våre denne dagen. 

Sist oppdatert 15.11.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering