Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Skjønnskrift, kulturhistorie og crêpes

Illustrasjon Første klasse fransk var 15. juni på studietur der dei besøkte Den franske skulen René Cassin og l'Institut Français  i Oslo.

På førehand hadde klassa jobba med skulesystemet i Frankrike og andre sider ved fransk kultur, og dei hadde førebudd spørsmål til dei to besøka.

Besøk i småskule og barnehage

På den franske skulen møtte elevane rektor og to lærarar og fekk vere med i ein time i småskulen. Mattekunnskapane og skjønnskrifta til dei fransktalande elevane imponerte! Det ble òg eit besøk i den franske barnehagen, l'école maternelle, som er meir lik skulen enn det den norske barnehagen er.

Innføring i fransk kulturhistorie

L'Institut français er eit senter tilhøyrande den franske stat, som omfattar den franske ambassada, det franske kultursenter og fransk-norsk forsvarssamarbeid. Her fekk elevane ei innføring i fransk kulturhistorie og kvifor denne er så viktig for fransk identitet av språkrettleiar og prosjektkoordinator Claude Ceselli. Foredraget blei følgd av ein quiz som elevane svarte på - på fransk.

Visste du at Anne d'Autriche, mor til Solkongen Ludvig XIV, grunnla det første Akademi for maleri og skulptur i 1648? Eller at 8,6 millionar personer besøkte Louvre i fjor?

Etter fleire timer med språkbad og kulturopplevingar blei turen avslutta med ein fransk crêpe på Crêperie de Mari.

Kristin Vold Lexander

Sist oppdatert 21.06.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering