Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Skulen fornyar seg!

Fylkesordførar Even Hagen opnar dansesalen - Klikk for stort bildeFylkesordførar Even Hagen opnar dansesalen Marianne Bø Jervell I haust har skulen teke i bruk ny gymsal, ny dansesal og nye garderobar. Denne veka var det offisiell opning ved fylkesordførar Even Hagen.

Dansen og danseelevane stod sjølvsagt i sentrum da snora til den nye dansesalen ved skulen vart klypt av fylkesordføraren. Dei frammøtte til feiringa fekk servert både halling, hip-hop, mozell og sjokoladekake.

Alle danseelevane ved skulen samla i den nye dansesalen - Klikk for stort bildeAlle danseelevane ved skulen samla i den nye dansesalen Per Bråtet

Fylkesordførar Even Hagen opnar dansesalen - Klikk for stort bildeFylkesordførar Even Hagen opnar dansesalen Marianne Bøe Jervell

To salar

Enda ein gong kan elevar og alle tilsette glede seg over at vi blir tilgodesett med nye lokalar. Denne gongen er det gymsalen og garderobar som er renovert. Scena i den gamle gymsalen er rivi, og salen er delt i to, slik at vi nå har fått ein stor (gymsal) og ein mindre sal (dansesal).

Alle får ta del i dei nye lokala

Det er i fyrste rekkje danseelevar- og lærarar som får nyta godt av lokala i den daglege undervisninga, og nå er det endeleg slutt på at elevane må gå ut i alt slags vær til ein midlertidig og gamal dansesal for å utøve faget sitt.  Men også nokre kroppsøvingstimar og felles arrangement blir lagt dit, slik at alle kan få ta del i dei nye lokala.

Den gamle gymsalen og garderobane var frå rundt 1965 , så det er mykje historie som sit i veggar og golv, veggar og golv som nå har fått nye, friske fargar og materialar.

Skulen har dette skuleåret rekordmange danseelevar, heile 30 i talet fordelt over 3 trinn. Både elevane og danselærarane er svært tilfredse med dei nye lokala.

Danseelevar i aksjon under opninga - Klikk for stort bildeDanseelevar i aksjon under opninga Marianne Bøe Jervell

Heile prosjektet har ei kostnadsramme på ca 15 millionar.

Hallingdans under opninga

Video: Marianne Bøe Jervell

De har ventet 10 år på dette (GD)

 

 

Åshild Wahlquist Ovrum, Ingrid Ringstad, Astrid Emilie Stakston Jensvoll, lærar Magnhild Fossum og Ingrid Gjerdingen skålar for den nye dansesalen - Klikk for stort bildeÅshild Wahlquist Ovrum, Ingrid Ringstad, Astrid Emilie Stakston Jensvoll, lærar Magnhild Fossum og Ingrid Gjerdingen skålar for den nye dansesalen Kari Utgaard, GD

Publisert av Per Bråtet. Sist oppdatert 04.12.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering