Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Tidlegare elev får årets Bjørnsonstipend

LNK-nytt  Ein tidlegare elev ved skulen, Anna Kleiva (30), blir tildelt årets Bjørnsonstipend.

Bjørnsonstipendet blir kvart år tildelt ein yngre forfattar som det knyter seg store forventningar til.  Anna er oppvaksen på Vinstra, men bur nå i Oslo. Debuten hennar kom i 2011 med diktsamlinga «Ti liknande versjonar». Diktsamlinga «Vårar seinare» vart gitt ut i fjor og vart tildelt Natt & Dags Oslopris for Årets bok 2014. Kleiva har også gjendikta «Cæur de Lion» av Ariana Reines.

Stipendet på 25.000 kroner blir delt ut under opninga av Bjørnsonfestivalen i Molde onsdag 2. september.

Sist oppdatert 06.07.2015
Fant du det du lette etter?
Login for redigering