Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Tverrfagleg pepperkakehusprosjekt

Matematikk, økonomi, kommunikasjon og samhandling er viktig når ein skal byggje hus, også pepperkakehus.

Elevane i Vg1 Helse- og oppvekstfag (HO) arbeidde før jul med eit tverrfagleg prosjekt  der dei kombinerte pepperkakehusbyggjing med fleire forskjellige fag, matematikk, kommunikasjon, samhandlig, yrkesutøving og helsefremjande arbeid.

Faglærarane seier at elevane har vore svært ivrige og kreative medan dei har arbeidd med prosjektet og at det har vore svært spennande med litt annleis undervisningsmetode. Til dømes så har dei både sett opp budsjett og brukt matematikk til å rekne ut areal og volum på husa.

Per Bråtet

God læring i dette prosjektet har vore samarbeid, planleggjing, kommunikasjon og matematikk. 

I dag fekk elevane svar på om husa var solid produsert når riving og smaking stod på timeplanen.

Per Bråtet

 

 

 

 

 

 

Liv Iversen  

Sist oppdatert 11.01.2019
Fant du det du lette etter?
Login for redigering