Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Ungdomsbedrifter deltok på messe

 Ungdomsbedrifta Stødig  - Klikk for stort bildeUngdomsbedrifta Stødig Ingunn Teige Spjotum Måndag 30. januar var det regionmesse for ungdomsbedriftene frå skulen på Peer-Gynt senteret.

Ungdomsbedrifta Tre blad UB - Klikk for stort bildeUngdomsbedrifta Tre blad UB Ingunn Teige Spjotum Ungdomsbedrifta SlipNot UB - Klikk for stort bildeUngdomsbedrifta SlipNot UB Ingunn Teige Spjotum Ungdomsbedrifta RepIT - Klikk for stort bildeUngdomsbedrifta RepIT Ingunn Teige Spjotum

7 ungdomsbedrifter fra Vinstra vgs deltok på messa.

Elevane vann pengepremiar i fem kategoriar, og Stødig UB fekk pris i alle fem for si oppfinning for å halde søppelsekken stødig ved plukking av søppel. 

Serin UB med elevar frå 2. klasse på danselina vil underhalde og spreie glede gjennom dans.

RepIT UB (3DAT) reparerer PCar og lager nettstader. 

ØstLAN UB (3DAT) skal arrangere LAN-party i Vinstrahallen 3.-5. februar.

SlipNot UB (ENT1, 3PBY) har laga ein "dings" som skal halde veska på plass på skuldra. Plastsaken er laga på ein 3D-printer, som er plassert på avdelinga for teknikk og industriell produksjon på skulen.

Tre blad UB (ENT1, 3STA, 3STB) har fått produsert ein kniv med tre blad hos Giax i Ringebu, skaftet er laga på skulens 3D-printer. Kniven skal kutte brød og frukt raskare. 

KitchenWare UB (ENT1, 3STA, 3PBY) sel kjøkkenutstyr.

Stødig UB (ENT1, 3STA, 3STB) har laga ei bøyeleg plate som skal halde søppelsekken på plass. 

Juryen var sett saman av folk frå næringslivet lokalt og delte ut pengepremiar til dei tre beste i fylgjande kategoriar:

- Beste forretningsplan
- Beste logo
- Beste salsteam
- Beste utstilling
- Innovasjonsprisen

I mars skal bedriftene delta på fylkesmessa i regi av Ungt Entreprenørskap. 

Sjå fleire bilete frå messa på skulens Facebook-side.

Sist oppdatert 01.02.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering