Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Utveksling

Elevar frå skulen har vore på utvekslingsstur til Gronau i Tyskland.

Vinstra vidaregåande skule har gjennom Erasmus+ utvekslingssamarbeid med Antonio de Nebrija - skulen i Murcia i Spania og Kooperative Gesamtschule i Gronau i Tyskland.

Erasmus +

Erasmus + er verdas største og viktigaste utdanningsprogram for internasjonalisering. Gjennom dette prosjektet får elevane utforske kulturen i dei ulike landa, dele opplevingar og skape nye vennskap.

Velkommen til Gronau!

Eli Krokmoen Den 14. desember reiste 2 lærarar og 14 elevar frå alle ST-klassene til Gronau. Der møtte vi elevar både frå den tyske og spanske skulen som vi samarbeider med.

Dagen etter møttes alle på ungdomssenteret, der dei tyske elevane tok i mot oss med heimebakst. Birkner, frå leiinga på skulen, introduserte prosjektet og helsa velkommen. Etterpå viste dei tyske elevane oss rundt på skulen.

Om kvelden drog vi alle på bowling, noko som var veldig gøy!

Helgefri

Laurdag drog vi til Hannover der vi såg oss litt omkring i byen før vi drog på shopping på julemarknaden, noko som var fyrste gongen for mange av oss.

Søndag var familiedagen, denne dagen skulle alle utvekslingselevane bruke saman med vertsfamiliane. Nokre elevar reiste til  Braunlage for å leike i snøen, nokre til julemarknaden i i Goslar, nokre til akvariet Sea-Life, medan nokre reiste for å sjå på den nye Star Wars-filmen.

Arbeid på skulen

Måndag var det ny skuleveke. Skuledagen starta kl. 07:50 og var ferdig kl. 13:05. Mange av elevene syntest dette var ein kort skuledag, sidan skuledagen i Norge er 2 timar lengre.

I timane såg vi på mykje film og gjorde juleførebuingar. Tysdag og fyrst på dagen onsdag  jobba vi med ulike oppgåver innanfor Erasmus+-prosjektet.

Bergen-Belsen

Etter at vi var ferdig med prosjektarbeid onsdag så reiste vi til Bergen-Belsen, som ikkje ligg langt frå Gronau. Bergen-Belsen er eit museum frå 2. verdskrig som det var litt av ei oppleving på sjå.

Vi avslutta dagen med besøk på julemarknad i Celle.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Torsdag var siste dagen vår i Tyskland. Denne dagen var vi på skulen halve dagen før Vinstra-elevane og elevane frå Murcia i Spania drog heim att kvar til sitt etter ei vellykka utvekslingsveke.

Sist oppdatert 19.10.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering