Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Vær raus!

 Mia Börjesson kjem tilbake til skulen til hausten - Klikk for stort bildeMia Börjesson kjem tilbake til skulen til haustenMia Börjesson kjem tilbake til skulen hausten 2018 for å halde føredrag rundt temaet "Vær raus!".

Helserådgjevar/avdelingsleiar Synnøve Harerusten gler seg til eit nytt besøk av Mia Börjesson. - Klikk for stort bildeHelserådgjevar/avdelingsleiar Synnøve Harerusten gler seg til eit nytt besøk av Mia Börjesson. Marianne Bøe Jervell

Verdensdagen for psykisk helse

Som ei markering av "Verdensdagen for psykisk helse" i 2017 arrangerte Vinstra vidaregåande skule og Nord-Fron ein fagdag med Mia Börjesson som handla om god psykisk helse for ungdom. Mia Börjesson heldt tre føredrag, eit for elevar på Vg1, eit for tilsette på skulen og eit for foreldre og andre som arbeidar med ungdom i kvardagen.

Nytt opplegg til hausten

Opplegget fekk svært gode tilbakemeldingar og det planleggast difor eit tilsvarande opplegg hausten 2018. I tillegg til Vinstra vgs og Nord-Fron kommune er Sør-Fron kommune, Sel kommune, Vinstra ungdomsskole og Rus- og psykisk helse Ringebu samarbeidspartnarar i prosjektet. I år er temaet "Vær raus", og det er planlagt eit utvida opplegg slik at fleire ungdomar og lærarar får delta på føredraga. Frå måndag 15. oktober til torsdag 18. oktober skal Börjesson ha opplegg i kommunane som deltek i prosjektet.

Prosjektgruppa frå venstre: Synnøve Harerusten (Vinstra vgs), Ann Jorunn Plassen (Nord-Fron kommune), Anja Solberg (Nord-Fron kommune), Mari Grasbakken (Ung i Midtdalen) og Kari Gryttingslien (Sør-Fron kommune) - Klikk for stort bildeProsjektgruppa frå venstre: Synnøve Harerusten (Vinstra vgs), Ann Jorunn Plassen (Nord-Fron kommune), Anja Solberg (Nord-Fron kommune), Mari Grasbakken (Ung i Midtdalen) og Kari Gryttingslien (Sør-Fron kommune) Marianne Bøe Jervell

Om Mia Börjesson

Mia Börjesson er utdanna innanfor sosialt arbeid og terapi og har skrive 5 bøker innan feltet ungdom og psykisk helse, sjølvbilde og styrkebasert samtaleteknikk. Ho er ein ettertrakta føredragshaldar og set fokus på normalisering av psykisk helse og er opptatt av "frisk"-faktorar. 

Sist oppdatert 28.05.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering