Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Velkome til Vinstra vidaregåande skule!

 Leif Solheim, rektor ved vinstra vidaregåande skule. - Klikk for stort bildeLeif Solheim, rektor ved vinstra vidaregåande skule.Vinstra vidaregåande skule skal vera ein god skule for alle som kjem til oss.

Vi legg vekt på høg trivsel og gode faglege resultat. Alle skal få god hjelp av dyktige lærarar og assistentar slik at flest mogleg går ut frå skulen med verdifull kompetanse å byggje vidare på.  For elevar som startar på vg1 etter ti år i grunnskule, er det nå eit vendepunkt og ein start på ei retning som passar interessa til kvar elev. Elevar på vg2, vg3 eller påbygg kjenner vidaregåande skule, og veit kva som må til for å nå måla. Felles for alle er at stor innsats må til.

Samarbeid med næringsliv

Ved Vinstra vidaregåande skule har vi godt samarbeid med næringslivet i regionen. Vi har god tilgang på læreplassar, og dei fleste får læreplass dersom dei viser god innsats i utplasseringsperiodar.

"Drømmeskolen"

Elevundersøkinga viser høg grad av trivsel. Dette skuleåret set vi i gang satsinga «Drømmerskolen» for å setja enda meir fokus på trivsel og godtlæringsmiljø. I eit moderne og flott skulebygg skal vi hjelpe alle til gode læringsresultat.

Elevane er viktige brikker

I tråd med vår visjon «Gode forbilde formar framtida» har vi tru på at ungdommane ved Vinstra vidaregåande skule skal få ei verdifull plattform både for seg sjølve og for samfunnet elles. Elevar ved Vinstra vidaregåande skule blir viktige brikker i framtidig samfunnsutvikling.
 

Sist oppdatert 21.08.2019
Fant du det du lette etter?
Login for redigering