Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Vi treng helsefagarbeidarar!

Dei fleste av oss vil i løpet av livet kome i kontakt med ein helsefagarbeidar, enten som pasient, brukar eller pårørande.

Utdanningsløp

Utdanningsløpet for ein ferdig utdanna Helsefagarbeidar er Vg1 Helse- og oppvekstfagVg2 Helsearbeidarfag, og 2 år som lærling. I kvar termin i Vg2  har elevane 160 timar med praksis. I tillegg har dei både fellesfag og programfag. Faga utøving, helse og kommunikasjon utgjer programfaga.

Praksisplassane  kan vere innafor tenesta for funskjonsnedsetting, heimesjukepleia, omsorgsbustader og sjukeheimar med demensavdelingar og sjukeavdelingar. Dette er også plassar som er aktuelle når dei skal ut i læretid.

Vinstra vgs har kvart år 12-15 elevar som går Vg2 Helsearbeidarfaget. Ca 1/3 av elevane vel læretid rett etter Vg2 .Nokre av dei som vel læretid og fagbrev etter Vg-2, vel deretter påbygging. Med eit fagbrev som helsefagarbeidar kvalifiserer ein seg også til ei rekkje fagskuleutdanningar, som til dømes barsel- og barnepleie, eldreomsorg, kreftomsorg- og lindrande pleie, psykisk helsearbeid og miljøarbeid innafor rus. 

Medan dei går på høgskule arbeider dei som helsefagarbeidarar i fritida med løn som fagarbeidar. Dette er god økonomisk hjelp og dessutan fagleg relevant i høve til dømes sjukepleiarstudiet som mange vel.

Klasse 2HEA saman med kontaktlærar Tine Slang og assistent Kirsti Wistad - Klikk for stort bildeKlasse 2HEA saman med kontaktlærar Tine Slang og assistent Kirsti Wistad

Ein helsefagarbeidar gjev omsorg, og utfører grunnleggjande sjukepleie til mennesker i alle aldre.

Ein helsefagarbeidar gjev pleie, omsorg og praktisk hjelp til mennesker som treng det. Som helsefagarbeidar arbeider ein med mennesker i alle aldre og i ulike livssituasjonar. Det kan vere barn, vaksne og eldre mennesker med ulike funksjonshemmingar, sjukdommar, eller med behov for rehabilitering.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene varierer, og er avhengig av pasientane eller brukarane sine behov og kvar ein arbeider. I dette yrket skal ein kunna utføre grunnleggjande sjukepleie som til dømes sårstell. Helsefagarbeidaren skal kunna observere og bruke kunnskap om ulike sjukdommar, skader og lidingar, og kunne iverksetje forebyggjande og behandlande tiltak innafor eige ansvars- og kompetanseområde.

Ein helsefagarbeidar skal også kunne hjelpe pasienten eller brukaren med daglege gjeremål som personleg hygiene, innkjøp og bruk av tekniske hjelpemidlar. Han eller ho skal bidra i folkehelsearbeidet ved å førebyggje einsemd, bidra til at pasientane og brukarane kan føle meistring i kvardagen, og leggje til rette for eit meir aktivt liv. Ofte har helsefagarbeidaren også nokre administrative oppgåver som til dømes rapportskriving og journalføring. 

Vemund Hagen

Personlege eigenskapar

For å bli helsefagarbeider må ein vere glad i mennesker. Ein må kunne arbeide med mennesker med ulik kulturell bakgrunn i ulike livssituasjonar, mennesker som kanskje  har ulike evner og moglegheiter for kommunikasjon. Ein må kunne vise omsorg og bry seg om andre mennesker, og ein må vise hensyn og respekt. Det er viktig å kunne arbeide både sjølvstendig, saman med andre yrkesgrupper og med pårørande. Ein helsefagarbeidar er ein profesjonell yrkesutøvar som har medkjennsle og evne til å samarbeide med mennesker med ulike hjelpebehov. 

Kvar arbeider helsefagarbeidaren?

Helsefagarbeidaren arbeider i heimetenesta, på sjukeheim, på bu- og servicesenter, på sjukehus, i rusomsorg, innan psykiatri, i bustader for funksjonshemma eller psykisk utviklingshemma, ved opptrenings- og behandlingssentre, og i skular med barn eller ungdom som har behov for ekstra hjelp.På fleire av arbeidsstadane må ein rekne med å arbeide turnus, det vil si ulike vakter både på dag, kveld og enkelte helger. Å arbeide utelukkande som nattevakt på institusjon eller i heimeteneste er også eit alternativ.

Vi treng helsefagarbeidarar!

Ungdom bør velge helsearbeidarfaget fordi det gir viktig  arbeidserfaring, modning og refleksjon.  Dei kan etter kvart i yrkeskarrieren velje yrkesvegen vidare  med fagskuleutdanning eller høgskuleutdanning, eller dei kan ta påbygging og høgskuleutdanning anten før eller etter fagbrevet.

Ifylgje fleire rapportar så vil behovet for "hender" innafor helse- og omsorgsektoren bli berre større og større i åra framover. Helsefagarbeidaren er ein svært viktig ressurs som Norge treng!

Arkiv Besøk av masterstudent

Skulen har i haust hatt besøk av masterstudent Mari Tretteberg Haraldsen. Mari studerer sosiologi ved NTNU, og har tidlegare besøkt skulen som studentambassadør. Hennar masteroppgåve handlar om haldningar til yrkesfag. Formålet med prosjektet er å finna ut korleis elevar og lærarar som studerer på yrkesfaglege studieretningar  vurderer faget sin status. Tretteberg Haraldsen ville også finne ut om det er nokon skilnad på haldningar blant dei som bur på bygda og dei som bur i byar.

Masterstudent Mari Trætteberg Haraldsen saman med observatør Ellen Sophie Sverdrup Rønningen - Klikk for stort bildeMasterstudent Mari Trætteberg Haraldsen saman med observatør Ellen Sophie Sverdrup Rønningen

 

 

 

 

 

 

 

For å innhente data har masterstudenten gjennomført gruppeintervju med elevar frå 2HEA og individuelt intervju med faglærar. Av svara som kom inn  så kom det blant anna fram at mange av elevane får mange positive attendemeldingar rundt skulevalet dei har teke. Mari vil dele masteroppgåva si med skulen når den er endeleg ferdig til våren.

.

Publisert av Per Bråtet. Sist oppdatert 06.12.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering