Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Landsline for folkemusikk

Vinstra vidaregåande skule har musikk, dans og drama med folkemusikk som elevar frå heile landet kan søkje på.

Skulen har sidan 1997 hatt landsline i folkemusikk og den er den einaste i sitt slag i Noreg. Du kan søkje uansett kor i landet du bur, og søkjarar frå heile landet stillast likt ved inntak.

Generell studiekompetanse

Undervisningstilbodet følgjer musikk, dans og drama-modellen med både programfag og fellesfag, slik at elevane får generell studiekompetanse.

Fag- og timefordeling

Som elev på folkemusikklina får du mellom anna dette:

  • Ein time i veka med hovudinstrumentlærar
  • Opplæring på biinstrument (valfritt, til dømes fele, hardingfele, munnharpe, gitar, piano)
  • Opplæring i kveding og folkedans

På Vg2 utgjer programfaga 17 timer og fellesfaga 18 timer i veka.

Programfag

Hovud- og biinstrument, kor/ensemble, musikk i perspektiv, komponering/arrangering, musikkformidling/musikkteknologi, ensembleleiing, musikklære/lytting, gehør og øvingslære.

Enkelte programfag blir undervist i fellesgrupper saman med dei ordinære musikkelevane, medan andre er i eigne grupper eller med tilpassa innhald (samspel, kveding, musikk i perspektiv, biinstrument, hovudinstrument m.m.)

Fellesfag

Norsk, engelsk, kroppsøving, naturfag, matematikk, samfunnsfag, historie, religion, geografi, og 2. framandspråk (tysk, spansk eller fransk).

Alle instrument

Skulen tilbyr alle instrument innanfor folkemusikk, -dans og -sang, men det kan være behov for individuelle tilpasningar ved enkelte instrument.

Dyktige lærarar

Tom Willy Rustad, Camilla Granlien og Vegar Vårdal er folkemusikklærarar.

I tillegg har elevane andre musikklærarar ved skulen i enkelte programfag, og lærerar innanfor studiespesialisering i fellesfag.

Frivillig prøvespeling

Det er ikkje opptaksprøve. Søkjarar kan komme og prøvespele, men det er frivillig.

Hybel

Det er gode hybeltilbod på Vinstra. Elevane kan få gratis frukost på skulen.

På fritida

Folkemusikklina har eige spelemannslag "Spira", som er svært aktive. Dei øver og er rundt omkring og speler utanom skuletid på konsertar og kappleikar.

Du er i eit spennande klassemiljø med musikk- og danseelevar, og du treff mange som har dei same interessene som deg.

 

"Det krev mykje hardt arbeid, litt flaks og eit talent for å leve heiltid av musikk."
Øyvind Sandum, folkemusikar og tidligare elev ved Vinstra vidaregåande skule.

Sist oppdatert 11.02.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering