Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Musikk, dans og drama

Liker du å uttrykkje deg gjennom musikk, dans eller drama? Drøymer du om å stå på ei scene? Da passar dette utdanningsprogrammet for deg.

Per Bråtet Programområdet har både teoretiske og utøvande fag, stimulerer heile menneske og utviklar fantasi og kreativitet. Programmet fremmar disiplin, samarbeidsevne og ansvarsføling både for enkeltpersonens og fellesskapets utvikling. Programfaga førebur for høgare utdanning innan musikk og dans.

Gjennom fellesfaga får du generell studiekompetanse, slik at alle høgare studiar er ein like naturleg veg vidare. Nokre få utdanningar vil krevje meir realfag (til dømes legestudiet).

Fellesfag - obligatoriske fag som gjev generell studiekompetanse:

  • Norsk
  • Samfunnsfag
  • Matematikk
  • Historie
  • Religion
  • Geografi
  • Engelsk
  • Naturfag
  • 2. framandspråk – tysk, spansk eller fransk
  • Kroppsøving

Programfag:

Musikk- og folkemusikk:

  • Hovud- og biinstrument
  • Kor/ensemble
  • Musikk i perspektiv
  • Komponering/arrangering
  • Musikkformidling/Musikkteknologi
  • Ensembleleiing
  • Musikklære/lytting
  • Gehør
  • Øvingslære

Dans:

  • Klassisk dans
  • Moderne dans/samtidsdans
  • Jazzdans
  • Dans i perspektiv
  • Grunntrening
  • Dansekomposisjon og koreografi

Elevar på landslina for folkemusikk er delt i eigne grupper og har eigne læreplaner i fleire av programfaga.

Døme på kva du kan bli:

Musikk- og folkemusikk:

  • Utøvande musikar
  • Musikklærar
  • Produsent, festival - scene
  • Komponist lokalt
  • Lydteknikar, studioteknikar
  • Musikkterapeut
  • Dirigent/musikalsk leiar i kor, korps eller spelmannslag

Dans:

  • Dansar
  • Danselærar
  • Produsent, festival - scene
  • Koreograf
  • Fysioterapeut, kiropraktor

Med generell studiekompetanse er også andre yrker mogleg: Til dømes  lærar, ingeniør, forskar, veterinær, befal, journalist.

Skulens tilbod etter Vg1:

Musikk:

Dans:

Skulens tilbod etter Vg2:

Musikk:

Dans:

Sist oppdatert 09.03.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering