Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Skulebiblioteket

Skulebiblioteket ligg saman med IKT ved sida av kantina. Her er det opent for alle elevar og tilsette. På skulebiblioteket kan du jobbe med skulearbeid, kopiere og skrive ut, lese aviser og tidsskrift, og låne bøker, filmar og musikk.

Oversiktsbilde av biblioteket - Klikk for stort bildeOversiktsbilde av biblioteket Per Bråtet

Søk i bibliotekets katalog

Spør bibliotekaren om du vil ha hjelp til å finne litteratur, søkje i databasar, ønsker tips til ei god bok eller har innkjøpsforslag. På bibliotekets blogg finn du tips til oppgåveskriving, informasjon om fordjupningsoppgåva i norsk og anna.

Opningstider:

Måndag - fredag: 08.00-15.15

Utskrift og kopiering:

Biblioteket har ein stasjonær PC (kopla til skrivar) og strømuttak til berbare maskiner.

Skulearbeid: Gratis
Privat: 1 krone per kopi/utskrift

Fjernlån:

Bøker som ikkje finst på skulebiblioteket lånast inn frå andre bibliotek. Du får SMS når biblioteket får boka.

Lærebøker:

Lærebøker i den vidaregåande skulen er gratis læremiddel for elevar. Skulen har kjøpt inn bøker som blir lånt ut gratis på skulebiblioteket ved skulestart. Kontaktlærar deler ut lærebokkontrakt som elev/føresett må skrive under på. Lærebøker som ikkje blir returnert ved skuleslutt må erstattast.

Databasar:

Ein del av basene krev Nasjonalt lånekort, dette kan du få på skulebiblioteket. 

A-tekst: Gir tilgang til dei fleste norske avisene bakover i tid. Databasen er open på skulen, brukernamn og passord til heimebruk får du på biblioteket.

Naxos Music Library: Gir tilgang til nesten 2 millionar musikkstykke. For å logge inn må du ha Nasjonalt lånekort.

Pressreader: Last ned appen eller trykk på lenka for å få gratis tilgang til tusenvis av avisar og tidsskrift frå heile verda. Nettsida fungerer kun på skulens område, i appen har du tilgang i 72 timar etter innlogging frå skulens nettverk.

eBokBib: Gir tilgang til rundt 3000 norske e-bøker, stort sett nyare norske romanar. Gratis å låne, og bøkene vert automatisk levert tilbake når lånetida går ut. Logg inn med Nasjonalt lånekort. Last ned appen eBokBib på nettbrett eller telefon.

FilmBIB: Norske kort- og dokumentarfilmar som du kan sjå gratis. Logg inn med Nasjonalt lånekort.

Sitering og kjeldeliste

Skulen brukar standarden APA, som er eit sett regler som visar korleis man skal sitere og sette opp kjeldeliste. Referanseverktøyet i Word er fint å bruke til dette. Bibliotekaren gir opplæring i APA og i referanseverktøyet i Word. 

Per Bråtet

Sist oppdatert 02.02.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering